Historisk arkiv

Post: Staten sikrar landsdekkjande tenestetilbod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 106/1999
Dato: 4. oktober 1999

Post:

Staten sikrar landsdekkjande tenestetilbod

For å sikre eit tilbod av grunnleggjande posttenester over heile landet gjer regjeringa framlegg om å løyve 730 millionar kroner til kjøp av posttenester (medrekna Svalbard) over statsbudsjettet for 2000. Dette er ein auke på 160 millionar kroner frå 1999. Løyvinga skal, saman med bidrag frå overskottet frå Posten sitt einerettsområde, dekkje meirkostnadene ved å oppretthalde eit samfunnspålagt tenestenivå utover det som er bedriftsøkonomisk lønsamt.

I budsjettforslaget er det lagt til grunn eit utbytte frå Posten Norge BA på 86 millionar kroner i 2000. Endeleg utbytte vil bli fastsett av generalforsamlinga.

Porto

Etter dei reglar som no gjeld skal Samferdselsdepartementet godkjenne Posten sine portotakstar for A-post innanlands inntil 350 gram. Styret for Posten har ikkje gått inn for å endre desse takstane for neste år.

Lagt inn 4. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen