Historisk arkiv

Prøveprosjekt med rimelegare og betre ferjetilbod til Atløy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 72/99
Dato:11.06.99

Prøveprosjekt med rimelegare og betre ferjetilbod til Atløy

Samferdselsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet vil gi til saman 1,8 millionar kroner til eit prøveprosjekt med rimelegare og utvida ferjetilbod til Atløy i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Summen er fordelt med 900 000 kroner på kvart av dei to departementa. Prøveprosjektet skal vare i to år, og har som mål å finne ut i kva mon betre og billegare ferjetilbod kan vere med på å halde oppe busetnad og leggje til rette for næringsliv i område som er avhengig av ferjetransport. I tillegg til midlane frå dei to departementa deltar Askvoll kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune med til saman 600 000 kroner, fordelt med 200 000 kroner på kommunen og 400 000 kroner på fylkeskommunen.

Dette opplyser statssekretær Svein-Ottar Sandal i Samferdselsdepartementet og politisk rådgivar Inge Bartnes i Kommunal- og regionaldepartementet. Askvoll kommune er ein av pilotkommunane når det gjeld utkantkommunesatsinga til Kommunal- og regiondepartementet.

Innføring av eit eige ”øykort” er hovuddelen av prosjektet. Eit slikt kort vil gi rett til bruke ferje i eitt år. Prisen for ”øykortet” er 1000 kroner for bil. For vaksne passasjerar er prisen 400 kroner og for barn 200 kroner. Prosjektet går elles ut på at ferja tre kveldar i veka vil få seinare avgangar enn det som er tilfelle i dag.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er ansvarleg for gjennomføring av prosjektet.

Lagt inn 11. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen