Historisk arkiv

Rapport frå Transportøkonomisk institutt: "Konkurranse på det norske jernbanenettet"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 109/99
Dato: 04.10.99

Rapport frå Transportøkonomisk institutt:

"Konkurranse på det norske jernbanenettet"

Kva for strategiar kan nyttast for å leggje til rette for meir konkurranse når det gjeld drift av jernbanetrafikk? Kva kan ein vinne ved å opne for meir konkurranse i både person- og godstransporten, og kva er ulempene ved ei slik tilrettelegging?

Dette er nokre av spørsmåla som blir drøfta i rapporten ”Konkurranse på det norske jernbanenettet”. Rapporten er utarbeidd av Transportøkonomisk institutt, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.

Rapporten drøfter også i kva mon ei eventuell ordning med meir konkurranse på sporet kan gjere det nødvendig å gjennomføre organisatoriske og regelverksmessige tilpassingar.

Samferdselsdepartementet vil no med ein gong ta til med å handsame saka, og legg i første omgang opp til å sende rapporten på ei avgrensa høyring til mellom anna NSB BA og Jernbaneverket. Regjeringa vil så seinare komme med framlegg om vidare oppfølging av dei spørsmåla som rapporten tar for seg. Dette vil skje i samband med stortingsmeldinga om Norsk transportplan 2002 - 2011, som skal leggjast fram våren 2000.

---

Rapporten ”Konkurranse på det norske jernbanenettet” får du frå: Transportøkonomisk institutt, Postboks 6110 Etterstad, 0602 Oslo, telefon 22573800, telefaks 22570290.

Lagt inn 4. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen