Historisk arkiv

Svein-Ottar Sandal - ny statssekretær

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr. 34/99
Dato: 19.03.99

Svein-Ottar Sandal - ny statssekretær

Miljøverksjef Svein-Ottar Sandal, Sandane i Sogn og Fjordane, er i statsråd i dag utnemnd til statssekretær i Samferdselsdepartementet.

Han er 47 år og dagleg leiar i Nordfjord Miljøverk, interkommunalt renovasjonsselskap i Nordfjord.

Sandal har økonomisk-administrativ utdanning frå Møre og Romsdal Distriktshøgskule i 1975 og pedagogisk utdanning frå Statens lærarhøgskule i handels- og kontorfag i 1981.

Frå 1975 til 1978 arbeidde han som lærar i økonomi ved Vestborg vidaregåande skule, Stranda i Møre og Romsdal. I åra 1978-1980 var han formannskapssekretær i Sande kommune i Møre og Romsdal. Frå 1981 til 1985 var han hovudlærar i økonomi ved Haram vidaregåande skule i Brattvåg i Møre og Romsdal. Sandal var næringssjef i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane frå 1989 til 1996, og han vart i 1997 tilsett i stillinga som miljøverksjef.

Han var i perioden 1979-83 representant for Kristeleg Folkeparti i Møre og Romsdal fylkesting. I åra 1983-1988 var han representant for Kristeleg Folkeparti i kommunestyret i Haram, og han var ordførar i kommunen i tida 1986-1988.

Sidan 1996 har han representert Kristeleg Folkeparti i Sogn og Fjordane fylkesting.

Svein-Ottar Sandal er nestformann i Hovudstyret i Det norske Lutherske Indremisjonsselskap.

Lagt inn 22. mars 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen