Historisk arkiv

Val av bedriftsforsamling i Posten Norge BA

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 112/1999
Dato: 08.10.1999

Val av bedriftsforsamling i Posten Norge BA

Ved ekstraordinær generalforsamling i Posten Norge BA i dag fekk selskapet oppnemnd si første bedriftsforsamling.

Kravet om bedriftsforsamling har sidan opprettinga av selskapet i 1996 vore ein del av vedtektene for selskapet. Etter desse vedtektene skal selskapet ha ei bedriftsforsamling, dersom selskapet og dei tilsette sine organisasjonar ikkje blir samde om andre løysingar.

Som medlemmer av bedriftsforsamlinga har samferdselsministeren, som generalforsamling for selskapet, oppnemnd desse ti som representantar for eigaren:

Ommund Heggheim, Alta
Einar Evensen, Sarpsborg
Anne Lise Hammer, Oslo
Svein Aamot, Molde
Jorunn Granlund, Lillehammer
Einar Pedersen, Tjeldsund
Mette Haavi, Arendal
Per N. Hagen, Tynset
Gun Kveli, Lierne
Gunnar Buvik, Oslo

I tillegg har dei tilsette oppnemnd fem representantar til bedriftsforsamlinga.

Bedriftsforsamlinga skal konstituere seg sjølv og vil sjølv velje leiar og nestleiar. Som kandidat til vervet som leiar i den første bedriftsforsamlinga i Posten Norge BA vil Samferdselsdepartementet, som eigar av selskapet, gjere framlegg om plan- og utbyggingssjef Ommund Heggheim, Alta.

Valet av medlemmer til bedriftsforsamlinga gjeld for tida til og med ordinær generalforsamling i Posten Norge BA i 2001.

Lagt inn 8. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen