Historisk arkiv

Fagkonferanse om høgfartstog

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Politisk rådgjevar Atle Hamar

Opning av fagkonferanse om høgfartstog

Sandvika, 10. februar 1998

Lat meg først få seie at vi i den politiske leiinga i SD ser positivt på engasjement og innspel til debatten innan vår sektor, og i dette tilfellet jernbanesektoren. Det er bra at vi har folk med dristige idear og vyar. Samstundes vil eg understreke som det er sagt i innbydinga at dette er ein fagkonferanse om “høgfartsbaner”. Dette er altså ikkje tid og stad for politiske vedtak eller lovnader om noko prosjekt, og heller ikkje for å ta stilling til realitetane i Haukelidbanen eller andre prosjekt.

Når det gjeld synet på jernbane meir generelt, vil eg ta to utgangspunkt:

For det første har dei tre regjeringspartia ei positiv haldning til denne transportforma. Dette er nedfelt i erklæringa frå Voksenåsen og i regjeringserklæringa. Regjeringa ser det som viktig å arbeide for betre miljø lokalt og globalt, og der er jernbanen sentral. Gjennom statleg kjøp av persontransporttenester med tog, og større konkurransekraft for annan person- og godstransport med tog, kan vi få ei overføring frå vegtransport.

Dette vil verke positivt for miljøet.

For det andre blir det ute i Europa satsa sterkt på jernbane for tida. Med eit sprengt vegnett, trongt luftrom og store miljøproblem står jernbanen fram som

ei løysing og ei framtidsretta transportform. Den har relativt stor kapasitet i høve til arealbruken, og små utslepp i høve til transportmengdene. Eg vil likevel minne om at det som er fornuftig på kontinentet ikkje utan vidare kan overførast til norske tilhøve. Til dømes bur det i Tyskland 18 gonger så mykje folk som i Norge, på berre litt større areal. Det vil seie at trafikkgrunnlaget, og dermed det økonomiske grunnlaget for tunge investeringar, blir svært ulikt. Men utviklinga i Europa er klar: Omfattande investeringar i ny infrastruktur for jernbane og sterkt politisk engasjement, mellom anna i EUs organ, for å revitalisere og utvikle jernbanen og gjere den meir konkurransedyktig.

Både vår politikk og utviklinga i dei landa vi har mest samkvem med gjer det såleis aktuelt å drøfte den vidare utviklinga av jernbanen, slik denne konferansen legg opp til på ein svært spenstig måte.

Eg vil så kort få peike på dei verkemidla styresmaktene har i jernbanepolitikken, på det grunnlaget Stortinget har lagt for denne politikken, og på vår utforming.

Staten har fire ulike roller i denne samanhengen

  • ansvar for drift og vedlikehald av og investeringar i infrastrukturen
  • statleg kjøp av persontogtenester innan nærtrafikk, IC og lokale/regionale tog
  • eigar av den statlege bedrifta NSB BA
  • tilsyns- og regulatør-styresmakt

Dei to første punkta er her dei viktigaste. Sagt på ein annan måte styrer vi direkte omfanget av ein god del jernbanetenester gjennom ordninga med statleg kjøp, og påverkar omfanget indirekte for dei andre togtenestene ved å legge til rette den infrastrukturen som selskapa, i dag stort sett berre NSB BA, køyrer tog på.

Ved Stortingets handsaming av NJP 1998-2007 sist vår er det trekt opp retningsliner for jernbanepolitikken:

  • Det skal framleis satsast sterkt på statleg kjøp av persontransporttenester med jernbane
  • Auka satsing på vedlikehaldet av infrastrukturen
  • Nyinvesteringane blir konsentrerte om Oslo-området, Østfold- og Vestfoldbanen og fjerntogstrekningane Sørlands-, Bergens- og Dovrebanen. For dei tre fjerntogstrekningane er det serleg lagt vekt på tiltak som legg til rette for bruk av krengetog
  • Det er ikkje lagt opp til investeringar i nye banestrekningar

I samband med budsjetthandsaminga i Stortinget sist haust var det mykje blest om krengetogsatsinga. Eg vil understreke det som samferdsleministeren peika på: Vi må sørgje for skikkeleg vedlikehald, og det er vidare viktig å sørgje for ei rasjonell framdrift av prosjekt som er sette i gang. Men Regjeringa er forplikta på stortingsvedtaket om midlar til krengetogsatsing.

Ut i frå retningslinene frå Stortinget og vår vektlegging av jernbanen er vi opptatt av aktivt å styrke denne transportforma. Det statlege engasjementet kjem særleg til syne gjennom dei årlege løyvingane, og disponeringa av desse. For 1998 er det løyvd til saman nesten 4,3 mrd kr til infrastruktur (ekskl GMB) og statleg kjøp.

Utan å ta stilling til einskildprosjekt vil eg slå fast at jernbanepolitikk er eit aktuelt emne for ein konferanse. Og det er som sagt positivt å sjå engasjement og få presentert nye tankar. Eg ynskjer lykke til med konferansen!

Lagt inn 13 februar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen