Historisk arkiv

Eigenbetaling for heimesjukepleie fell bort

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 89
12.12.97

Eigenbetaling for heimesjukepleie fell bort

Frå 1. januar 1998 kan kommunane ikkje lenger krevje eigenbetaling frå personar som mottek heimesjukepleie eller hjelp til personleg stell og eigenomsorg.

Regjeringa har i dag vedteke nye forskifter om eigenbetaling. Reglane om eigenbetaling for heimesjukepleie etter kommunehelsetenestelova, og praktisk bistand og opplæring etter sosialtenestelova til personleg stell og eigenomsorg, er endra.

Personleg stell og eigenomsorg omfattar hjelp til å stå opp og leggje seg, personleg hygiene, toalettbesøk, hjelp til å kle av og på seg, hjelp til å ete, naudsynt tilsyn og tilsvarande grunnleggjande behov.

Kommunane kan framleis krevje eigenbetaling for heimehjelpsteneste som matkjøp og reingjering.

Endringane er ei oppfølging av vedtaket Stortinget gjorde i vår, der Regjeringa vart beden om å gjere dei naudsynte endringane slik at det ikkje lenger er tillate for kommunane å krevje eigenbetaling for heimesjukepleie.

Inntektstapet til kommunane vert kompensert gjennom auka overføringar til kommunane over statsbudsjettet.

Kontaktpersonar:
Underdirektør Anders Haugland, tlf 22 24 85 16
Førstekonsulent Nina Grande, tlf 22 24 85 62

Lagt inn 12 desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen