Historisk arkiv

Ny rettleiar om omsorgsbustader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 84
26.11.97

Ny rettleiar om omsorgsbustader

Omsorgsbustader har blitt ein stadig viktigare del av kommunane sitt samla tenestetilbod. Mange kommunar manglar kunnskap om korleis denne tenesta kan utnyttast. Kva kjenneteiknar bustaden? Kva for tilgang på pleie- og omsorgstenester trengst? Kva er bebuarane sine rettar og plikter? Kva for finansieringsordningar finst?

Etter at staten i 1994 innførte ei eiga tilskotsordning til bygging av omsorgsbustader, har ein både frå politisk og administrativt hald i kommunane etterspurt ein klar definisjon av kva omsorgsbustader skal vere. I rundskrivet “Omsorgsbustad - ei rettleiing”, som no er utgjeve av Sosial- og helsedepartementet og Kommunal- og arbeidsdepartementet, er føremålet nettopp å gje eit utførleg svar på dette spørsmålet. Her kan kommunar, politikarar, bustadbyggelag og andre finne rettleiing for planlegging, utvikling og bygging av omsorgsbustader.

Rettleiinga klarlegg grunnleggjande forhold knytt til utforminga av omsorgsbustader - mellom anna kjenneteikn ved og tilrettelegging av bustaden, organisasjons- og eigeformer, tilgangen på pleie- og omsorgstenester, bebuarane sine rettar og plikter og ulike finansieringsordningar. Det er eit viktig vilkår at utbygging av heimetenester må følgje parallelt med satsinga på omsorgsbustader, mellom anna gjennom oppretting av døgnteneste og styrking av heimetenestene generelt der desse i dag er for dårleg utbygd.

I linkdoc030005-040010#docSt meld nr 50 (1996-97) Handlingsplan for eldreomsorga, vart kommunane oppmoda om at husleiga i kommunale omsorgsbustader bør samsvare med dei faktiske kostnadene. I rundskrivet er dette nærare utdjupa. Subsidieringa av bukostnader for dei som treng det mest vil dermed bli meir selektiv, samstundes som kommunane får synleggjort dei reelle kostnadene knytt til butilbodet. Regjeringa vil vidare leggje opp til ein styrking av samarbeidet mellom kommunar og bustadbyggelag ved bygging av omsorgsbustader.

Rundskriv I-29/97, H-24/97 “Omsorgsbustad, ei rettleiing” er tilgjengeleg på Internett: linkdoc#dochttp://odin.dep.no/shd/proj/eldre/bolig/ Kontaktperson: Førstekonsulent Kristin Fragell, tlf 22 24 86 15, SHD Førstekonsulent Roy Jakobsen, tlf 22 24 71 42, KAD Lagt inn 26 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen