Historisk arkiv

Unge funksjonshemma ut av aldersinstitusjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgjevar: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 91
19.12.97

Unge funksjonshemma ut av aldersinstitusjonar

Det er gledeleg atfleire unge funksjonshemma har flytta utfrå kommunale aldersinstitusjonar og fylkeskommunale spesialsjukeheimar. I 1997 har 55 nye personar fått tilskot til å flytte, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Totalt vil tilskotsmidlane føre til at 141 funksjonshemma blir utskrivne. Omlag 100 av desse er allereie flytta frå institusjonen til eigen bustad. Ordninga med statlige tilskott starta i 1996.

Tilskotet blei auka mykje i september i år, og departementet reknar med at fleire blir utskrivne i 1998. Det er løyvd midlar i 1998 slik at ytterlegare 85 kan flytte i eigen bustad.

  • Sjukeheimsplass for unge funksjonshemma, er inga god løysing, og eg vonar at kommunane fortsett den positive utviklinga slik at ikkje fleire unge funksjonshemma vert innskrivne i sjukeheim, seier Meltveit Kleppa.
  • Eg vil minne om at statleg tilskot til brukarstyrt personleg assistent er auka med omlag 10 mill kr i 1998. For funksjonshemma som treng mykje praktisk hjelp, vil dette vere ei god løysing.

Norsk Fjernundervisning har, på oppdrag frå departementet, gjeve ut ei læremiddelpakke om gode løysingar for funksjonshemma med sjeldne diagnosar. Dette programmet kan være nyttig for kommunane i arbeidet med funksjonshemma generelt. Eit av innslaga syner mellom anna korleis brukarstyrte tenester er avgjerande for at sterkt rørslehemma kan få eit sjølvbestemt liv. Læremiddelpakken “Visst går det an!”, kan tingast frå Norsk Filminstitutt.

Kontaktpersonar:

Rådgivar Lisbeth Myhre tlf. 22 24 85 80

Fyrstekonsulent Øyvind Brandt tlf. 22 24 85 78

Lagt inn 22.desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen