Historisk arkiv

Aage Müller-Nilssen ny leiar i FRISAM

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 5
23.1.98

Aage Müller-Nilssen ny leiar i FRISAM

Sosial- og helsedepartementet har oppnemnd generalsekretær i Kirkens Bymisjon, Aage Müller-Nilssen som ny leiar av FRISAM sitt styre.

FRISAM - Frivillighetenes Samarbeidsorgan - blei etter vedtak i Sosial- og helsedepartementet etablert som eit 4-årig prosjekt frå 1.1.95. FRISAM består av eit kontaktforum, eit senter og eit styre for senteret. Styret har 7 medlemmer med mellom anna brei erfaring frå frivillig arbeid og organisasjonsliv.

FRISAM skal m a mobilisere og videreutvikle bredda i det frivillige arbeidet i Noreg og leggje tilrette for betre samspel i den frivillige sektor. Oppnemningsperioden varer ut 1998.

Aage Müller-Nilssen overtek etter Odd Einar Dørum, som trekte seg som leiar då han i haust vart utnemnd til samferdselsminister.

Kontaktperson:
Førstekonsulent Magne Morønning, tlf 22 24 85 86

Lagt inn 23 januar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen