Historisk arkiv

Arbeidsgruppe skal vurdere behandlingstilbodet for rusmiddelmisbrukarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 97
1.12.98

Arbeidsgruppe skal vurdere behandlingstilbodet for rusmiddelmisbrukarar

Under handsaminga av endringar i lov om sosiale tenester i Odelstinget i dag, sa sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa at ho i disse dagar vil sette ned ei arbeidsgruppe som skal gå gjennom hjelpe- og behandlingstilbodet til rusmiddelmisbrukarar.

Arbeidsgruppa skal legge fram sine forslag innan sommaren 1999. Gruppa skal vurdere det samla døgnbehandlingstilbodet til rusmiddelmisbrukarar i høve til dei behova som finst. Den skal også sjå på tiltak for kvalitetssikring og vurdere ei offentleg godkjenningsordning for døgninstitusjonane, og gje anbefalingar om endringar når det gjeld ansvarsplassering og finansiering.

- Sjølv om det i dag vert gjort mykje godt arbeid av mange engasjerte menneske, er det framleis behov for utvikling. Eg trur at arbeidsgruppa kan koma med viktige idear og forslag, og eg vil på ein høveleg måte orientere Stortinget om resultatet av arbeidet, sa sosialminsteren under odelstingsdebatten.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Ketil Bentzen, tlf. 22 24 05 02

Lagt inn 1. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen