Historisk arkiv

Auka inntektsgrunnlag for sjukepengar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 103/98
Dato: 16. desember 1998

Auka inntektsgrunnlag for sjukepengar

Odelstinget har vedteke å auka minste inntektsgrunnlag for rett til sjukepengar frå ½ G til 1 ¼ G.

Dette inneber at ein person må ha ein årleg arbeidsinntekt på minst 56 700 kr for å få rett til sjukepengar frå folketrygda. Arbeidstakarar som har lågare inntekt vil framleis ha rett til sjukepengar frå arbeidsgivaren dei første 16 kalenderdagane (arbeidsgivarperioden).

Endringa medverkar til at reglane blir meir i samsvar med reglane for dagpengegrunnlaget.


Kontaktperson: Avdelingsdirektør Elfride Børsum, tlf. 22 24 86 05

Lagt inn 16. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen