Historisk arkiv

Barn med funksjonshemming er fyrst og fremst barn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 22/98
Dato: 19. mars 1998

Barn med funksjonshemming er fyrst og fremst barn

Dette er eit godt døme på ei litt uvanleg arbeidsform i statleg verksemd, sa sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa ved opninga av utstilling av barneteikningar i Regjeringskvartalet i dag. - Fleire av teikningane syner at elevane har forstått at barn med funksjonshemningar fyrst og fremst er barn. Dette er ein viktig bodskap og eit viktig grunnlag for oss alle i våre holdningar til funksjonshemma.

Teikningane kjem frå elevar ved Øystre Slidre barne- og ungdomsskule, Slidre skule og Vang barne- og ungdomsskule. Elevane som har teikna, er frå fyrste til tiande klasse.

Nokre av teikningane er nytta som illustrasjon i Statens helsetilsyn sin rettleiar i habilitering av barn og unge. Rettleiaren blei gitt ut i dag.

Utstillinga blir vist i 1. etasje i R-5, Akersgt. 59 frå i dag til 14. april.

Lagt inn 19. mars 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen