Historisk arkiv

Betre hjelp til å meistre livet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 101
Dato 11.12.98

Stortingsmelding om rehabilitering

Betre hjelp til å meistre livet

-For at menneske med funksjonsproblem skal kunne vere med på meir og få betre livskvalitet, og for å kunne hjelpe fleire til eit yrkesaktivt tilvære, må rehabilitering vere eit tilbod om hjelp til å meistre livet, seier helseminister Dagfinn Høybråten og sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Saman legg dei to ministrane no fram ei eiga stortingsmelding om rehabilitering: ”Ansvar og meistring – mot ein heilskapleg rehabiliteringspolitikk”. Dette er den første samla framstillinga som er gjort i rehabiliteringspolitikken.

Helseministeren og sosialministeren vil

  • setje brukaren i sentrum og klargjere og samle ansvaret for rehabilitering
  • innføre ei plikt til å utarbeide individuelle planar for brukarar med behov for omfattande og samordna tenester
  • gi kommunane ei sentral rolle med å utvikle individuelle rehabiliteringsplanar og med å samordne verksemda
  • føre vidare arbeidet med serviceerklæringar og offentlege servicekontor. Departementet vil også setje i gang forsøk med brukarkontor
  • føre vidare det øyremerkte tilskotet til rehabilitering i fylkeskommunane. Departementet vil samtidig gjennomgå og tilpasse dei ordinære finansieringsordningane for helsetenester (refusjonsordningar i folketrygda, innsatsstyrt finansiering), slik at dei stør opp under rehabiliteringsverksemda.

Mange er opptekne av rehabilitering lokalt. Samtidig er det avdekt store lokale variasjonar i tilbodet: tenesteapparat har samarbeidd for lite, det har vore mangelfull samordning og for lite heilskapstenking kring den enkelte brukar, hjelpeapparatet har mangla kunnskap og kompetanse.

God rehabilitering krev god planlegging ut frå brukarane sitt behov. Regjeringa har foreslått å innføre ei plikt til å utarbeide individuelle planar for brukarar med behov for omfattande og koordinerte tenester. Slike individuelle planar som er basert på brukarmedverknad, vil bidra til å systematisere rehabiliteringsprosessane. Planane sikrar ansvarsdeling mellom partane, og etablerer ei form for kontrakt mellom den enkelte og bistandsapparatet.

Kommunane har ei sentral rolle i dette arbeidet. Det er i kommunane vi finn dei viktigaste verkemidla og områda for deltaking. Meldinga tek derfor spesielt for seg det lokale nivået. Kommunane får ei sentral rolle med å utvikle individuelle rehabiliteringsplanar og for å samordne verksemda.

Rehabilitering krev nært samarbeid mellom faggrupper, etatar og forvaltningsnivå. For å betre service og tilkomst vil arbeidet med serviceerklæringar og offentlege servicekontor halde fram, og departementet vil setje i gang forsøk med brukarkontor. Samarbeidsarenaer som alt finst blir utvikla vidare, så som basisgruppene rundt den enkelte og lokale samarbeidsfora på leiarnivå mellom helse- og sosialtenestene og arbeidsmarknads- og trygdeetaten. Det blir samtidig etablert opplegg og rutinar for å sikre fastsette mål og styringssignal frå sentralt hald for å stø opp om det lokale samarbeidet.

Trygdeetaten vil vidareutvikle og i større grad målrette oppfølgingsarbeidet for sjukmelde, bl.a. med tanke på auka bruk av aktive verkemiddel (såkalla aktiv sjukmelding m.m). Kommunane får tilbod om å leige hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralane for brukarar med mellombels behov.

Mange institusjonar tilbyr rehabilitering og opptrening. Dei er i hovudsak finansierte over folketrygda. Departementet signaliserer ei endring i finansieringsordninga for opptreningsinstitusjonane, slik at fylkeskommunane får ei meir aktiv rolle som brukar og kjøpar av tilbod, og treningsopphald i større grad blir ein del av eit heilskapleg rehabiliteringsopplegg for den enkelte.

For å sikre eit felles kunnskapsgrunnlag på tvers av faggrupper og sektorar, vil det bl.a. bli etablert eit eige forskings- og kompetansemiljø som kan fungere som fagleg pådrivar og nettverksbyggjar på landsbasis. Departementet vil vurdere den plassen rehabiliteringsfeltet skal ha i aktuell grunn- og vidareutdanning, og vidareutvikle eit tverrfagleg opplegg for etterutdanning som er brukarorientert og går på tvers av profesjonane.

Kontaktperson:

  • Rådgivar Thorgeir Hernes, tlf. 22 24 86 79
  • Rådgivar Kjetil Bjørlo, tlf. 22 24 86 39
Lagt inn 11. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen