Historisk arkiv

eforma for menneske med psykisk utviklingshemming - fordelinga av vertskommunetilskotet i 1998

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 6
23.1.98

Reforma for menneske med psykisk utviklingshemming - fordelinga av vertskommunetilskotet i 1998

Vertskommunetilskotet er no fordelt for 1998. Tilskotet blei innført i 1993 og går til 33 kommunar spreidd over heile landet. Dette er kommunar der det fylkeskommunale HVPU dreiv store og små institusjonar for menneske med psykisk utviklingshemming fram til 1991. Då HVPU blei avvikla frå 1991, tok desse 33 kommunane over ansvaret for å gje eit godt tilbod til mange tidlegare institusjonsbrukarar som opphavleg kom frå andre kommunar, men som blei buande i vertskommunane. Vertskommunetilskotet skjermar mot verknadene av omfordelinga i inntektssystemet (rammetilskotet) knytt til det store talet på tilflytta personar med psykisk utviklingshemming.

Vertskommunetilskotet er ført vidare med 878,8 mill. kr i 1998. Sentrumsregjeringa gjorde framlegg om å auke løyvinga med 25 mill. kr i høve til regjeringa Jagland sitt framlegg. Stortinget slutta seg til dette framlegget. Desse 25 mill. kr kompenserer for venta auke i prisane i 1998. Det er viktig sidan vertskommunetilskotet for mange av vertskommunane utgjer ein stor del av kommunebudsjettet og i hovudsak går til løn av omsorgspersonell i kommunane.

Under følgjer fordelinga av vertskommunetilskotet til dei 33 kommunane.

Fordelinga av vertskommunetilskotet i 1998 (Statsbudsjettet kap. 673 post 61)

Nr.KommunenavnVertskommune- tilskot
101HALDEN10 987 655
104MOSS50 919 817
214ÅS14 121 137
219BÆRUM55 424 565
403HAMAR18 964 357
412RINGSAKER53 089 349
417STANGE19 029 920
528ØSTRE TOTEN30 779 189
534GRAN15 038 466
536SØNDRE LAND55 459 478
542NORD AURDAL10 919 125
605RINGERIKE16 846 374
702HOLMESTRAND7 896 646
720STOKKE7 215 814
819NOME19 442 617
1101EIGERSUND47 117 266
111951 312 904
1238KVAM9 039 310
1247ASKØY28 113 159
1401FLORA14 424 553
1418BALESTRAND16 648 633
1445GLOPPEN6 531 287
1523ØRSKOG18 843 563
1529SKODJE7 736 109
1535VESTNES86 924 947
1636MELDAL15 691 980
1662KLÆBU26 298 286
1714STJØRDAL8 205 357
1718LEKSVIK6 021 064
1813BRØNNØY9 055 583
1840SALTDAL48 784 060
1870SORTLAND11 071 316
1911KVÆFJORD80 871 785
878 825 671

Kontaktperson: Rådgjevar Per Eivind Hem, tlf. 22 24 85 70.

Lagt inn 23 januar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen