Historisk arkiv

Fastlegereformen utsett eit år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 96
Dato 25.11. 1998

Fastlegereformen utsett eit år

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 1999, blir det føreslått å utsetje igangsetjing av fastlegereformen med eit år, til 1. januar 2001. Departementet vil bruke den utvida førebuingsfasen til å forsterke stimuleringstiltaka for å betre legedekkinga i distrikta. Fastlegereformen har vore planlagt med svært korte tidsfristar. Fleire høringsinstansar har bede om forlenga høyringsfrist. Ei utsetjing av fastlegereformen betyr at både departementet, kommunane og den einskilde legen får betre tid til å førebu og leggje til rette forholda for den nye reformen.

Det nye tidspunktet for iverksetjing betyr at høyringsfristen for kommunane og dei ulike berørte organisasjonane vert utvida med ein månad. Ny høringsfrist blir 31. januar 1999. På den måten får høyringsinstansane betre tid til å føreta ei grundig behandling av saka.

Regjeringa tek framleis sikte på å fremje proposisjonen for Stortinget i vårsesjonen 1999.

Departementet vil i næraste framtid innkalle partane til eit møte for å drøfte framdriftsplanen.


Kontaktpersoner: Ekspedisjonssjef Harald Hauge, telefon: 22 24 85 92 (a), 22 56 06 14 (p)

Lagt inn 26. november |1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen