Historisk arkiv

Fleire får tilbod om metadon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 46
Dato 15.05.98

Fleire får tilbod om metadon

Regjeringa føreslår i revidert nasjonalbudsjett å løyve 10 millionar meir til metadonassistert rehabilitering.

  • Skal metadonassistert rehabilitering verta eit landsdekkande tilbod i 1998 slik Stortinget har vedteke, er det nødvendig med ytterlegare midlar, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa. Det er oppretta fleire senter med regionale funksjonar som til saman dekkjer heile landet, men desse må tilførast meir midlar dersom dei skal kunne gje tilbod til rusmiddelmisbrukarar i alle fylka i 1998. Alle rusmiddelmisbrukarar som oppfyller dei strenge krava til inntak i eit slikt tilbod vil ikkje kunna få metadon i 1998, men det er viktig at alle fylka får høve til å starta opp i 1998, seier sosialministeren.
  • Metadonen i seg sjølv løyser ikkje problema til den einskilde rusmiddelmisbrukar, men er eit godt tilbod til nokre tungt belasta opiatmisbrukarar. Rusmiddelmisbrukarar som er aktuelle for denne typen behandling, vil få metadon under streng kontroll, saman med behandling og andre støttetiltak i kommunane. Utbygginga av metadonassistert rehabilitering må difor byggjast ut i eit forsvarlig tempo og med tilstrekkelege midlar, slik at ikkje kvantitet går ut over kvalitet, seier sosialministeren.
Lagt inn 15. mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen