Historisk arkiv

Inga endring av reglane om ølsal frå kioskar og bensinstasjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 77
Dato: 30.09.98

Inga endring av reglane om ølsal frå kioskar og bensinstasjonar

Sosial- og helsedepartementet har i dag sendt ut på høyring eit forslag til ny forskrift til alkohollova som inneber at det framleis skal vera forbode å selja øl frå kioskar og bensinstasjonar frå 1. januar neste år. Forslaget inneber inga endring samanlikna med dagens reglar.

Etter alkohollova kan departementet bestemme at einskilde typar utsal ikkje skal kunne få løyve til sal av øl. Dei forskriftene som gjeld i dag seier at slikt løyve ikkje kan gjevast til kioskar og bensinstasjonar. Forskriftene syner til opningstidslova for forståinga av omgrepa kiosk og bensinstasjon. Opningstidslova vert oppheva frå 1. januar 1999. Dette gjer det naudsynt å endra forskrifta til alkohollova.

Sosialministeren peikar på at kombinasjonen alkohol og bilkjøring medfører store samfunnsmessige og individuelle skadar. Eksponering og sal av øl frå bensinstasjonar og kioskar ville auka tilgangen på øl på ein uheldig måte. Gjeldande regelinnhald vert derfor vidareført.

Forbodet mot løyve til sal av øl gjeld uavhengig av salsarealet i kioskane og bensinstasjonane, og uavhengig av om dei også sel eit utval av daglegvarer. Diskusjonane om den såkalla "Brustadbua" er såleis ikkje aktuelle.

Kontaktpersonar: Rådgjevar Inger Gran, tlf. 22 24 85 25 og fyrstekonsulent Eirik Lereim, tlf. 22 24 85 17

Lagt inn 1 oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen