Historisk arkiv

Internasjonalt fokus på eldre sin situasjon i 1999

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 64
Dato 26.06.98

Internasjonalt fokus på eldre sin situasjon i 1999

FNs generalforsamling har vedteke at 1999 skal være internasjonalt eldreår. Målet for FN-året er ”Eit samfunn for alle aldersgrupper”.

Det skal setjast fokus på følgjande tema i løpet av eldreåret:

  • Situasjonen for eldre, herunder retten til deltaking og retten til pleie/omsorg.
  • Livslang læring og utvikling.
  • Solidaritet mellom generasjonane.
  • Eldre sin situasjon i Baltikum og Barentsregionen.

Den norske markeringa vil fokusere på lokal deltaking, synleggjering av eldre som ressurs med særleg utfordring av eldre sjølv, samt sjå på livsløpsperspektivet.

Det er no skipa ein nasjonal komite for FNs internasjonale eldreår. Komitéen vert leia av sosialministeren, og skal utforme eit program innanfor nasjonale og internasjonale målsetjingar. Førebels planar omfattar:

  • Dei frivillige organisasjonane skal gjennomføre ei haldningskampanje ved å mobilisere lokale krefter.
  • Statens eldreråd skal ha regionkonferanser i samarbeid med Norsk Pensjonistforbund og Norske Kvinners Sanitetsforening.
  • Sosial- og helsedepartementet planlegg ei informasjonskampanje som førebels har tittel ”Planlegg busituasjonen din som gamal”.
  • Sosial- og helsedepartementet, Utanriksdepartementet og FN-sambandet skal leggje til rette for eit internasjonalt seminar med deltakarar frå Barentsregionen og Baltikum.
  • Geriatriprogrammet planlegg ei avslutning av programmet i 1999, lagt til den internasjonale eldredagen 1. oktober.

Medlemer i den nasjonale komiteen:

Sosial- og helsedepartementet: Magnhild Meltveit Kleppa (leder)

Tove Kari Viken

Ellen Elster

Statens Helsetilsyn Otto Christian Rø

Statens eldreråd Astrid Dirdal Hegrestad

Lars Arne Høydal

Bjarne Waaler

FRISAM Reidun Andreassen

Norsk Pensjonistforbund Einar Strand

Nasjonalforeningen for folkehelsen Kjell Bjartveit

Norsk Folkehjelp Halle Jørn Hanssen

Lions Norge Frank Pedersen

Norske Kvinners Sanitetsforening Anniken Fischer

Røde Kors Ragnar Friberg

Innvandreres helse- og sosialgruppe Tayyab M. Choudri

FN-sambandet Svein Erik Odden

Utenriksdepartementet Anne Britt Lilleholm

Kommunenes Sentralforbund Halvdan Skard

Norsk Kulturråd Ragna Berget Jørgensen

Leon Bodd

Kirkerådet


Kontaktpersoner:

Rådgiver Marit Blom, telefon 22 24 83 42
Underdirektør Ellen Elster, telefon 22 24 85 86

Lagt inn 26. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen