Historisk arkiv

Internasjonalt krafttak mot narkotika

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 52/98
Dato: 8. juni

Internasjonalt krafttak mot narkotika

- Noreg vil vurdera å auka støtta til tiltak mot alkohol og narkotika i u-landa, sa sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa i FN si generalforsamling i dag. FN har kalla saman til ein spesialsesjon om narkotikaproblema i verda.

- Narkotika kjenner ingen grenser. Det er difor viktig med det internasjonale samarbeidet gjennom FN. Spesialsesjonen har synt at regjeringane i verda no er viljuge til å ta eit krafttak for å koma narkotikaproblema til livs. Det er særs viktig at u-landa tek si del av ansvaret for å løyse disse problema. Både nasjonalt og internasjonalt er det avgjeranda å spela på lag med friviljuge organisasjonar og ungdom, sa Kleppa.

Sosialministeren understreka overfor FN si generalforsamling den vekt den norske regjeringa legg på å invitera foreldre og skule til auka samarbeid om rusførebygging og trygge oppvekstvilkår. Hun heldt fram samanhengen mellom ein restriktiv politikk for markedsføring og sal av alkohol, tobakk og lækjemiddel, og målet om å redusera narkotikaproblema.

- Regjeringa ynskjer ein meir offensiv alkohol- og narkotikapolitikk, og har nett lagt fram for Stortinget forslag til ein handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel.

Lagt inn 9. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen