Historisk arkiv

Kommunane satsar på eldreomsorga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 19
11.03.98

Kommunane satsar på eldreomsorga

Norske kommunar vil byggje 30 000 sjukeheimsplassar og omsorgsbustader. Regjeringas handlingsplan for eldreomsorga ser dermed ut til å verke.

Ei førebels oppsummering av dei kommunale planane viser at kommunane nå ønskjer å satse på eldreomsorga. I alt legg kommunane opp til å byggje 30 000 sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar og det er planlagt 13 000 nye årsverk i fireårsperioden. Om lag 1/3 av dei bygningsmessige einingane vil gå til einsengsrom og til å byte ut eller utbetra gamle bygg.

- Den satsinga kommunane nå legg opp til gjev grunn til optimisme når det gjeld gjennomføringa av den nasjonale handlingsplanen, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Eit breitt fleirtal i Stortinget har vedteke ein eigen handlingsplan for eldreomsorga for perioden 1998-2001. I planen er det lagt opp til at det i løpet av dei fire åra skal byggjast 24 400 sjukeheimsplassar og omsorgsbustader og det skal opprettast 12 000 nye årsverk. Satsinga er kostnadsrekna til i alt 30 milliardar kroner.

For å få utbetalt dei øyremerka driftstilskota er det stilt som krav at kommunane uatarbeider eigne handlingsplanar med konkrete tiltak for satsinga i 1998 og for resten av fireårsperioden. Planane skal vera vedtekne av kommunestyret, og eldråda i kommunen skal ha hatt planen på høyring før vedtaket er fatta. Fristen for kommunane til å sende inn planane til fylkeslegen og fylkesmannen var 1. februar. Desse etatane skal i fellesskap gå nøyare gjennom planane.

Tala frå kommunane ligg over dei nasjonale måltala for fireårsperioden. Det er ting som kan tyde på at det enkelte stader er lagt opp til ei større bustadbygging enn det det er dekning for personellmessig. Å sikre at det er samsvar mellom bygningar og personell, slik at det ikkje berre blir ei byggjereform, men ein handlingsplan for styrking av omsorga vil vere viktig. Da er personelldelen svært viktig. Å sikre eit slikt samsvar vil vere ei av oppgåvene til fylkeslegane og fylkesmennene i tida framover. Kommunane skal revidere planen kvart år, og fylkesmennene og fylkeslegane skal kvart år vurdere om planane fyller vilkåra for å få tilskot. Samsvaret mellom byggeplanane og personellinnsatsen vil bli løpande vurdert i dette arbeidet.

Dersom det er ønskjeleg med opplysningar om enkeltkommuner eller tilhøve i det enkelte fylke, kan det takast kontakt med kontaktpersonane i kvart enkelt fylke, jf. linkdoc030005-070274#docVedlagte oversikt.

Lagt inn av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen