Historisk arkiv

Landsdekkjande tilbod om metadonbehandlling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 2
09.01.98

Landsdekkjande tilbod om metadonbehandlling

Regjeringa utvidar tilbodet om metadonassistert behandling for tungt belasta opiatmisbrukarar. Tilbodet vert gjort landsdekkjande.

- Dei siste åra har vi vore vitne til ein skremmande vekst i talet på sterkt forkomne misbrukarar, ofte med alvorlege sjukdomar. Samstundes har overdosedødsfalla auka. Dette er fyrst og fremst ei utfordring til å styrkja det ordinære behandlingsapparatet med mål om å gjera misbrukarane rusfrie. Men for somme misbrukarar som har vore gjennom vanleg behandling, vert no metadontildeling i kombinasjon med behandling eit tilbod, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Sosial- og helsedepartementet vil, med bakgrunn i Stortinget si handsaming av Narkotikameldinga i vårsesjonen 1997, starta oppbygginga av eit landsdekkjande tilbod om metadonassistert skadereduksjon og behandling med å gje tilskot til etablering av tre regionale sentra; i Oslo, Bergen og Trondheim. I tillegg vert det gjeve tilskot til utvikling av eit felles tilbod for fylka Buskerud, Vestfold og Telemark. Det vert også gjeve tilskot til oppstarting av ein forskings- og evalueringsseksjon ved Universitetet i Oslo, knytt til Metadonsenteret i Oslo, som også skal ha ein landsdekkjande rettleiingsfunksjon.

Summen av tilskota for 1998 vil utgjera 31 mill kr. Eit prøveprosjekt med allment gode røynsler har vore i gang i Oslo i tre år, og hovudtyngda av midlane for 1998, 21 mill kr, vert retta mot arbeidet i Oslo kommune. Departementet tek sikte på å vidareføra oppbygginga av fylkesvis organisering med auka statlege tilskot frå 1999. I februar 1998 vert nasjonale retningsliner for metadonassistert behandling utferda, m.a. med kriteria for inntak og utestenging.

Midlane for 1998 vert fordelte slik:

Oslo kr 21,0 mill Hordaland kr 3,65 mill Sør-Trøndelag kr 2,5 mill Busk/Telem/Vestf kr 2,0 mill UiO kr 1,25 mill Regionskonferansar kr 0,6 mill Lagt inn 9 januar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen