Historisk arkiv

Lemping av samordninga mellom offentleg tenestepensjon og pensjon frå folketrygda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 107/98
Dato: 16.12.98

Lemping av samordninga mellom offentleg tenestepensjon og pensjon frå folketrygda

Regjeringa foreslår i Ot prp nr 30 (1998-1999) å gjere noko meir av tilleggspensjonen til folketrygda samordningsfri. Dette gjeld auke av tilleggspensjonen for omsorgsarbeid etter avslutta yrkesaktivitet eller arbeid etter fylte 67 år. Endringa vil særleg vere til fordel for attlevande ektefellar.

Etter samordningslova skal ein offentleg tenestepensjon reduserast med heile tilleggspensjonen frå folketrygda. Samanlagt er ein ikkje sikra særleg meir enn det den beste ordninga sikrar. Visse delar av tilleggspensjonen til folketrygda er likevel samordningsfri.

Dei to viktigaste tilfella da ein pensjonist får ein del av tilleggspensjon frå folketrygda samordningsfri, er når tilleggspensjonen er høgare enn det tenestepensjonen tilseier, og når tilleggspensjonen er delvis opptent av ein avdød ektefelle og den attlevande har tent opp tenestepensjonen.

  • Det trengs ei samla handtering av tjenestepensjonsordningane for statleg og kommunalt tilsette. Mellom anna er det reist spørsmål om ei rammelov for pensjonar i offentleg sektor. Her er det tenleg å avventa nytt regelverk for private pensjonar før større endringar og forenklingar i samaordninga vert vurderte, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.
  • I nokre høve kan ein auke i tilleggspensjonen frå folketrygda etter dagens reglar føre til at den samla pensjonen frå folketrygda og tenestepensjonsordninga bli mindre. Det gjeld til dømes når det blir tent opp pensjonspoeng for omsorgsarbeid etter tenesta er slutt. Dette ynskjer eg no å endra, seier Kleppa.

Regjeringa foreslår no at også auka tilleggspensjon frå folketrygda skal vere samordningsfri

  • når auken skyldast at det er godskrive pensjonspoeng i folketrygda for omsorgsarbeid etter heilt avslutta yrekesaktivitet
  • når auken skyldast poengopptening i folketrygda etter uttak av tenestepensjon for åra da pensjonisten fylte 67, 68 eller 69 år.

Etter forslaget skal endringane tre i kraft 1. mai 1999.

Kontaktpersoner: Avdelingsdirektør Aase Rokvam tlf 22 24 86 24
Underdirekrør Atle Tellevik tlf 22 24 86 07

Lagt inn 18. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen