Historisk arkiv

Lettare å halda rusmiddelmisbrukarar tilbake på institusjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 108/98
Dato: 18.12.98

Lettare å halda rusmiddelmisbrukarar tilbake på institusjon

- I statsråd fredag 18.12.98 vedtok regjeringa å setja i kraft ei endring av lov om sosiale tenester, slik at det skal bli lettare å halda rusmiddelmisbrukarar tilbake på institusjon. Sosialtenesta får også plikt til å vurdera bruk av tvang etter melding frå pårørande. For kvar misbrukar som vert omfatta av tvangsvedtak skal sosialtenesta utarbeida personleg tiltaksplan. Gjennom desse lovendringane styrkjer vi behandlingstilbodet til dei mest utsette misbrukarane, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Lovendringa gjer at det blir lettare å bruka reglane om tilbakehald av rusmiddelmisbrukarar utan eige samtykke. Rettstryggleiken til personar som vert haldne tilbake i institusjon skal styrkast. Det vert blir no heimel for å gje forskrifter om krav til kvaliteten i behandlings- og rehabiliteringstiltak for rusmiddelmisbrukarar. Reglane gjeld plassering og tilbakehald utan eige samtykke, ikkje tvangsbehandling eller bruk av tvangsmiddel i institusjonen.

Dei viktigaste endringane er:

  • å innføra krav om at det skal utarbeidast tiltaksplanar for rusmiddelmisbrukarar som vert innlagde i institusjon etter tvangsparagrafane.
  • å påleggja sosialtenesta å vurdera bruk av tvang etter melding frå pårørande.
  • å lovfesta heimel for forskrift om tilbakeføring ved rømming.
  • å lovfesta heimel for å gje forskrifter om krav til kvalitet i behandlings- og rehabiliteringstiltak.
Lagt inn 18. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen