Historisk arkiv

Lettare å halda rusmiddelmisbrukarar tilbake på institusjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 54/98
Dato: 12. juni 1998

Lettare å halda rusmiddelmisbrukarar tilbake på institusjon

- Det skal bli lettare å halda rusmiddelmisbrukarar tilbake på institusjon. Sosialtenesta skal òg få plikt til å vurdera bruk av tvang etter melding frå pårørande. For kvar misbrukar som vert omfatta av tvangsvedtak skal sosialtenesta utarbeida personleg tiltaksplan. Gjennom desse lovendringane styrkjer vi behandlingstilbodet til dei mest utsette misbrukarane, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa la fredag fram forslag om å endra sosialtenestelova. Det skal bli lettare å bruka reglane om tilbakehald av rusmiddelmisbrukarar utan eige samtykke. Rettstryggleiken til personar som vert haldne tilbake i institusjon skal styrkast. Det vert i tillegg føreslått å gje heimel for å gje forskrifter om krav til kvaliteten i behandlings- og rehabiliteringstiltak for rusmiddelmisbrukarar. Reglane gjeld plassering og tilbakehald utan eige samtykke, ikkje tvangsbehandling eller bruk av tvangsmiddel i institusjonen.

Dei viktigaste forslaga er:

  • å innføra krav om at det skal utarbeidast tiltaksplanar for rusmiddelmisbrukarar som vert innlagde i institusjon etter tvangsparagrafane.
  • å påleggja sosialtenesta å vurdera bruk av tvang etter melding frå pårørande.
  • å lovfesta heimel for forskrift om tilbakeføring ved rømming.
  • å lovfesta heimel for å gje forskrifter om krav til kvalitet i behandlings- og rehabiliteringstiltak.

linkdoc030005-050022#docOt.prp.nr 78 (1997-98) byggjer på ein rapport frå 1995, laga av Ekspertgruppa for vurdering av bruk av tvang i behandling av rusmiddelmisbrukarar, på linkdoc030005-040005#docNarkotikameldinga (1997), og på stortingshandsaminga av denne.

Lagt inn 12. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen