Historisk arkiv

Nær ein million kr til butiltak for rusmiddelmisbrukarar i Ålesund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 113
Dato: 18.12.98

Nær ein million kr til butiltak for rusmiddelmisbrukarar i Ålesund

Ålesund kommune får eit tilskot på 965.000 kr frå Sosial- og helsedepartementet for å byggja ut butilbodet til rusmiddlemisbrukarar i kommunen.

Tilskotet skal nyttast til investeringar i samband med ombygging av Møre og Romsdal tilsyns- og rehabiliteringssenter til eit busenter for rusmiddelmisbrukarar. Kommunen skal etablera eit eigna tenestetilbod opp mot dei aktuelle klientane. Tilbodet skal tilpassast den einskildes føresetnader og behov.

Kontaktperson:
Politisk rådgjevar Steinulf Tungesvik, tlf 22 24 84 04/ 91 80 56 20

Lagt inn 18. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen