Historisk arkiv

Oppnemning av Statens eldreråd for perioden 1998-2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 1
09.01.98

Oppnemning av Statens eldreråd for perioden 1998-2001

Regjeringa oppnemnde fredag nye medlemmer til Statens Eldreråd for perioden 1998-2001. I Rådet sit no 15 medlemmer.

- Ved oppnemninga har vi særleg lagt vekt på det personlege engasjementet den einskilde tek med seg inn i rådet. Her skal erfaringane frå t.d. Frelsesarmeen, Nasjonalforeningen for folkehelsa, Bondekvinnelaget og Landsaksjonen for ei betre eldreomsorg koplast med erfaringar frå fag og forskingsmiljø, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Statens Eldreråd er eit rådgjevande organ for offentlege styremakter og institusjonar på nasjonalt nivå. Rådet skal på eit fritt og sjølvstendig grunnlag ta opp forhold som gjeld eldre sine levekår og livskvalitet.

Rådet skal samarbeida med kommunale og fylkeskommunale eldreråd og det skal vidare knytta kontaktar med internasjonale organisasjonar som arbeider med eldrepolitikk.

Rådet skal vere særskilt merksam på sider ved eldreomsorga og eldrepolitikken som gjeld eldre med særlege behov for tiltak.

Dei nye medlemmene i Statens Eldreråd er:

Leiar Astrid Dirdal Hegrestad, bonde, Eigersund Nestleiar Lars Arne Høydal, adjunkt, Gran

Sidsel Bauck, tidlegare forbundsleiar, Oslo Ingrid Eriksson, sjukepleiar, Oppdal Anna Hannevik, kommandør i Frelsesarmèen, Oslo Niels-Otto Hægeland, tolldistriktssjef, Kristiansand Turid Wickstrand Iversen, politikar, Drammen Inga Karlsen, hjelpepleiar, Tysfjord Aas-Marit Nygård, forskar, Oslo Ellen Pihl, ergoterapeut, Bærum Kjell Vidar Ryeng, lærar, Sør-Varanger Helga Grane Sellevold,pensjonist, Bergen Einar Strand, forbundsleiar, Oslo Bjarne Waaler, professor, Oslo Kolbjørn Øygard, lege, Sauda

Kontaktpersonar:
Fung. underdirektør Kai Lindseth, tlf 22 24 85 77

Lagt inn 9 januar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen