Historisk arkiv

Pleie – og omsorgstenesta i kommunene er i utvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 48
Dato 05.06.98

Pleie – og omsorgstenesta i kommunene er i utvikling

Statistisk Sentralbyrå har i dag publisert tal for stoda i pleie- og omsorgstenesta i kommunane i 1997.

Tala viser at det frå 1996 til 1997 har vorte

  • 950 fleire einerom
  • 1325 fleire plassar i somatiske sjukeheimar
  • 1600 færre plassar i aldersheimar og kombinerte alders- og sjukeheimar
  • 2300 fleire personar som bur i bustadar som er laga for pleie- og omsorgsføremål.
  • 2700 fleire brukarar av heimetenestene
  • 5200 fleire årsverk i pleie- og omsorgstenesta

Vidare har andelen av kommunane som har tilbod om heildøgns heimesjukepleie auka med 3 prosentpoeng.

I tillegg viser statistikk frå Husbanken at kommunane dei fire første månadene i 1998 har teke i bruk 588 nye sjukeheimsplassar og 1320 nye omsorgsbustadar.

Når ein ser talet på sjukeheimsplassar og aldersheimsplassar i eitt, er det ein svak nedgang i talet. Den viktigaste årsaka til dette er at fleirsengsrom har blitt gjort om til einerom, og at kommunane ofte vel å kompensere for bortfall av plassar gjennom bruk av omsorgsbustadar. I tillegg vil omsorgsbustadar erstatta ein del av dei gamle aldersheimane. Trass i den svake nedgangen i det samla talet på institusjonsplassar, tok kommunane i bruk om lag 750 nye plassar i 1997, som i stor grad har gått til å erstatta gammal og lite egne bygg, slik at kvaliteten og standarden på sjukeheimane blir betre.

Den positive utviklinga når det gjeld årsverk kan og ha samanhang med måten kommunane registrerer tenestilbodet til psykisk utviklingshemma og personar med psykiske lidingar.

-Desse tala ber bod om at pleie- og omsorgstenestene nå er inne i ei positiv utvikling, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa. Det viser at kommunane både satsar på å utvide kapasiteten og å betra kvaliteten på tenestene. I tillegg er det i handlingsplanen for eldreomsorga for 1998 lagt opp til 3000 nye årsverk og 5 800 nye bygningsmessige einingar. Tala som nå er presenterte viser at vi ligg an til å nå måla i handlingsplanen, seier sosialministeren.


Kontaktperson:

Prosjektleiar Eli Johanne Lundemo 22 24 85 91
Førstekonsultent Øyvind Brandt 22 24 85 78

Lagt inn 5. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen