Historisk arkiv

Raskare saksbehandling i Trygderetten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 9/98
4.2.98

Raskare sakshandsaming i Trygderetten

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa har vitja Trygderetten og er svært nøgd med at sakshandsaminga no er langt raskare enn for kort tid sidan.

- Utviklinga er gledeleg. Medan det 31. desember 1995 var ein restanse på 4.391 saker var det pr. 31. desember 1997 1 722 saker til handsaming. Eg vonar utviklinga i 1998 vil visa at gjennomsnittleg sakshandsamingstid kan koma under eit halvt år, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Ved arbeidet med restansane har Trygderetten gitt prioritet til avviklinga av dei eldre sakene. Ved utgangen av 1997 var det berre 64 saker som hadde kome inn til retten i 1996 eller tidlegare. Det tilsvarande talet var 2 671 saker ved utgangen av 1995 og 1 643 saker ved utgangen av 1996. Avviklinga av dei eldre sakene gir og ein betre arbeidssituasjon framover. Behovet for oppdatering av opplysningar vert mindre.

Utviklinga i 1998 vil syna om ein kan setja seg høgare mål enn ei gjennomsnittleg tid for handsaminga på eit halvt år. I alle høve er det klårt at Trygderetten i år vil kunna syta for rettstryggleik i trygdesakene på ein betre måte enn før. Det vil gå langt mindre tid før avgjerda kjem. Det vil likevel framleis vera slik at einskilde saker kan ta lengre tid enn gjennomsnittet. Dette er saker der Trygderetten må be om opplysningar, eller der utfallet av saka må retta seg etter utfallet i saker for dei vanlege domstolane, dvs tilhøve som Trygderetten ikkje rår over.

I åra 1996 og 1997 har Trygderetten vore gjennom ei vanskeleg omstilling med omorganisering og effektivisering av sakshandsaminga. Utgangspunktet for omorganiseringa var ein rapport fra Riksrevisjonen om sakshandsaminga i Trygderetten. Ei arbeidsgruppe under Sosial- og helsedepartementet kom med forslag til endringar i arbeidsopplegget i retten. Dette som er gjennomført ved eit prosjekt i Trygderetten og ved lovendringar i samband med dette.

Omorganiseringa inkluderer ei inndeling av Trygderetten i avdelingar og vesentlige endringar i stillingsstrukturen. Måla har vore at det skal vera fleire personar som kan vera med og treffa avgjerd i sakene og det skal vera ein person som har ansvaret for den einskilde saka og framdrifta av den.

Det gode resultatet for Trygderetten i 1997 er mellom anna eit resultat av omorganiseringa og dei tiltaka som er gjennomførde. Den viktigaste årsaka er likevel at dei tilsette i Trygderetten har teke mot den utfordringa dei fekk i rapporten frå Riksrevisjonen og har snudd den vonde utviklinga. Dette har skjedd trass i ein vanskeleg arbeidsituasjon med mange gamle og tunge saker og til tider mykje negativ omtale i media.

Statistikk over saksinngang og avgjerder.

TRYGDERETTENS RESTANSER OG SAKSAVVIKLING 1992 - 1997

Tabell 1. Tilgang, avgang og restanseutvikling 1992 - 1997.

199219931994199519961997
Tilgang5 9646 8353 4613 8943 4323 198
Avgang:4 8375 9734 4184 2854 5944 664
Ant. saker pr 31.12:4 8775 7394 7824 3913 1881 722
Økning / reduksjon+ 1 127+ 862- 957- 391- 1 203- 1 466

Tabell 2. Saksbeholdning og gjennomsnittlig alder 31.12 1995, 1996 og 1997.

Beholdning 31.12.95Beholdning 31.12.96Beholdning 31.12.97
a) I alt4 3913 1881 722
b) Fordelt:
92-saker4081-
93-saker1 10832-
94-saker1 1554281
95-saker1 7201 18223
96-saker-1 54540
97-saker--1 658
c) Gj.snittlig alder1,55 år1,17 år0,55 år
Lagt inn 4. februar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen