Historisk arkiv

Regjeringa svarar EFTA Surveillance Authority om alkohollova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 89/98
Dato: 13. november 1998

Regjeringa svarar EFTA Surveillance Authority om alkohollova

Regjeringa har i dag sendt sitt svar på spørsmål EFTA Surveillance Authority (ESA) reiste om alkohollova i to brev i september. - Den norske alkohollovgjevinga er bygd på viktige sosial- og helsepolitiske omsyn. Lovgjevinga handsamar norske og utanlandske produkt likt. Ho er difor ikkje i strid med EØS-avtalen, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa i ein kommentar.

ESA har hevda at einskilde sider ved den norske alkohollovgjevinga er i strid med EØS-avtalens føresegner om fri vareflyt. ESA sine spørsmål gjeld ulik handsaming av alkoholhaldige drikkar med same alkoholstyrke. ESA meiner produkt som rusbrus bør seljast på same måte som øl, dvs i butikk og ikkje på Vinmonopolet som i dag. ESA meiner også at lovgjevinga om engrosløyve er for streng.

Regjeringa gjer i sitt svar greie for grunnlaget for lova. Det vert understreka at den norske lovgjevinga handsamar utanlandske og norske produkt likt, ut frå objektive og rettferdige kriteriar. I svaret vert det vist til at norsk alkoholpolitikk skal oppfylle sosial- og helsepolitiske mål, og at EFTA-domstolen ved tidlegare høve har godteke dette.

Den norske regjeringa svarar difor at alkohollovgjevinga ikkje strider mot EØS-avtalen.


Kontaktpersonar: Rådgiver Inger Gran, tlf. 22 24 85 25
Ekspedisjonssjef Ellen Seip, tlf. 22 24 85 09

Lagt inn 13. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen