Rettstryggleik for psykisk utviklingshemma
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Sosial- og helsedepartementet
Pressemelding | Dato: 03.04.1998 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr. 31
Dato 03.04.98
Rettstryggleik for psykisk utviklingshemma
Regjeringa la i dag fram ei stortingsmelding om avgrensing og kontroll av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemming. Meldinga er ei oppfølging av tidlegare lovvedtak i Stortinget.
- Eg har lagt vekt på at alternative tiltak til bruk av tvang alltid skal vere utprøvd. Det er og viktig å få ein gjennomgang av rammeplanar innan ulike utdanningar for å styrkje pedagogiske metodar og tilnærmingsmåtar som ikkje inneber bruk av tvang, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Meldinga gjer særleg greie for innhaldet i forskrifta som set krav til frivillige tiltak og grenser for bruk av tvang og makt. Vidare blir det omtala ulike tiltak for å sikre rettstryggleiken, mellom anna arbeidet med å utarbeide alternative tiltak og å styrkje kompetansen til tenesteytarane.
Stortinget vedtok våren 1996 endringar i sosialtenestelova og kommunehelsetenestelova. Siktemålet med lovendringa var å forby bruk av tvang og makt som ikkje er strengt nødvendig i omsorgstenestene til personar med psykisk utviklingshemming, og å gje strenge rettstryggleiksgarantiar for den bruken av tvang som må aksepterast.
Samstundes med at lova vart vedteken vart regjeringa beden om å leggje fram ei stortingsmelding med nærare retningsliner for praktiseringa av lova og hovudinnhaldet i forskriftene til lova, før lova blir sett i verk.
Departementet gjer i stortingsmeldinga greie for det arbeidet som er gjort for å sikre oppfølging av intensjonane til Stortinget og for utkast til forskrifter, rundskriv og høyringsinstansane sitt syn på desse.
Kontaktperson
Underdirektør Anders Haugland, tlf 22 24 85 16
Lagt inn 3 april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen