Historisk arkiv

Samarbeid for redusert bruk av rusmiddel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 39
8.05.98

Samarbeid for redusert bruk av rusmiddel

Auka støtte til førebygging, nokre nye kontrolltiltak og utvida informasjonsinnsats om skadeverknader. Dette er hovudinnhaldet i regjeringas handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel som vart lagd fram på fredag.

- Regjeringa vil føra ein meir offensiv rusmiddelpolitikk, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa. Måla er å redusera den totale bruken av alkohol og narkotika. Staten kan ikkje klare det åleine. Gjennom planen vil vi inivitera mange partar til eit samarbeid om tiltak. Vi vil byggja ut dialogen om dei problematiske sidene ved rusmiddelbruk, seier sosialministeren.

Regjeringa ser med uro på at forbruket av alkohol etter jamn nedgang no igjen er aukande, og at talet på tungt belasta rusmiddelmisbrukarar ser ut til å vekse, samtidig som illegale rusmiddel får innpass i nye ungdomsmiljø. Denne utviklinga forsterkar dei sosiale problema som er knytte til bruk av alkohol og narkotika, og det aukar presset på helsestellet vårt.

For å møta denne utviklinga legg Sosial- og helsedepartementet, som varsla i Voksenåsendokumentet, fram ein handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel. I planperioden 1998 - 2000 skal det setjast i verk ei rekkje tiltak på ulike område. For å kunna starta opp handlingsplanen i 1998, vert budsjettet foreslått auka med 20 mill. kroner. Regjeringa tek sikte på at planen skal ha minst den same ramma i 1999 og 2000.

Regjeringa vil gjennom handlingsplanen settja i verk mellom anna desse tiltaka:

  • Styrka samarbeidet med foreldra og auka innsatsen i skulane
  • Vidareføra og styrka punktfråhaldsstrategiar knytte til mellom anna arbeidslivet, graviditet, idrett og trafikk
  • Auka støtta til førebygging i regi av mellom anna frivillige ungdomsorganisasjonar og andre ungdomsgrupper
  • Utvida informasjonsinnsatsen frå A/S Vinmonopolet
  • Oppnemna eit breitt samansett rusmiddelpolitisk råd
  • Gje ut mal for rusmiddelpolitisk handlingsplan i kommunane
  • Evaluera forvaltninga av alkohollova og følgja opp endringane av lova
  • Avgrensa salet av ”rusbrus”
  • Effektivisera reklameforbodet som gjeld for alkoholhaldige drikkevarer, og arbeida for eit forbod mot varer og reklame relatert til narkotika.
  • Styrka rettleiinga og tilsynet med utskriving av resept på vanedannande medikament som til ein viss grad hamnar på den ulovlege marknaden, og vurdera den rolla legalt utskrivne lækjemiddel speler som misbruksproblem.
  • Vidareføra det internasjonale samarbeidet og vurdera ytterlegare bruk av norske bistandsmidlar til det internasjonale samarbeidet på rusmiddelområdet
  • Stimulera forsøk med nye ettervernstiltak
Lagt inn 8 mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen