Historisk arkiv

Sosialminister Kleppa til OECD-møte i Paris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 60
22.06.98

Sosialminister Kleppa til OECD-møte i Paris

I OECD er det møte for sosialministrar 23.-24. juni. Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa vil representera Noreg. Emnet for møtet er dei store utfordringane som OECD-landa står framfor i sosialpolitikken, særleg sett i lys av den sterke auken i talet på eldre om få år. På møtet vil ministrane drøfta kva som kan og bør gjerast av styresmaktene i denne samanheng.

Sekretariatet i OECD har lagt fram eit stort materiale i form samanliknbare tal og analysar, som vil liggja til grunn for diskusjonane.

Statsråd Kleppa seier at ho på møtet vil leggja vekt på verdet av å ha eit trygdesystem som omfattar alle i landet og at ho er optimist når det gjeld å finansiera trygdeytingane i framtida. Det er likevel viktig at vi lykkast med å føra ein politikk med full syselsetting og høg sparing i samfunnet. Dette vil ho halda fram som eit sentralt mål for alle medlemslanda.

Statsråden legg vidare vekt på at det ikkje må vera ordningar som lokkar eller tvingar eldre arbeidstakarar til å førtidspensjonera seg. Lengre utdaning og lågare reell pensjonsalder kan redusera den yrkesaktive perioden og leggja for store bører på dei yrkesaktive. På den andre sida er det viktig å sikra dei som verkeleg treng stønad ei slik handsrekking.

- Vi må sikra tilbodet av gode sosialtenester og helsetenester. Gjennom attføring og hjelp elles kan mange kome tilbake i arbeid, eller dei kan bli sett i stand til å greia daglege utfordringar ved eiga hjelp. Delvis uføre må få høve til å nytta arbeidsevna si til glede for seg sjølve og for samfunnet, seier Kleppa.

Lagt inn 22. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen