Sosialministeren rosar trygdeetaten i Nord-Trøndelag
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Sosial- og helsedepartementet
Pressemelding | Dato: 13.03.1998 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr. 20
13.03.98
Sosialministeren rosar trygdeetaten i Nord-Trøndelag
Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) var rundhanda med rosen då ho i dag møtte trygdefunksjonærar på Trygdeetatens dag på Stiklestad.
- Den såkalla “Serviceerklæringa” til trygdeetaten i Nord-Trøndelag er oppsiktsvekkjande. Den er eit føredøme i tenesteyting både for andre i trygdeetaten og for øvrige offentlege kontor, sa sosialministeren. - Eg har personleg omdelt eit eksemplar til kvar av statsrådane i Sentrumsregjeringa, slik at dei skal vita her er eit mønster å fylgja.
Sosialministeren tok opp utfordringane med å gjera tilboda i offentleg sektor meir tilgjengelege og meir fleksible, slik at dei passar betre til kvar einskild brukar. - Regjeringa arbeider no med ei stortingsmelding om forskjellar i levekår, der vi vil føreslå tiltak for å redusera forskjellane. Vi vil m.a. sjå på korleis vi kan styrka tilbodet til einslege forsørgarar. I rehabiliteringsmeldinga til hausten vil vi føreslå tiltak for å auka høvet til å kombinera arbeid og trygd, sa Kleppa.
Lagt inn 13 mars 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen