Historisk arkiv

Større rettferd for dei som arbeider på natta.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 38
8.05.98

Større rettferd for dei som arbeider på natta.

Arbeidstakarar som har fråvær frå arbeidsøkt som strekkjer seg over eit døgnskilje, har i enkelte tilfelle fått rekna dette som to eigenmeldingsdagar. No føreslår Regjeringa ei lovendring som vil gjere slutt på slik praksis.

Regjeringa la i statsråd i dag fram forslag om endringar i folketrygdlova og einskilde andre lover. I hovudsak gjeld endringane mindre administrative forenklingar og tekniske justeringar og presiseringar av lova.

Den viktigaste endringa er:

  • Klår føresegn i lova om at fråver frå ei arbeidsøkt som går over eit døgnskilje skal reknast som ein fråversdag, ikkje to.

Hovudregelen er at arbeidstakaren må dokumentere arbeidsuførleiken med lækjarerklæring. Dette gjeld likevel ikkje i arbeidsgjevarperioden, når arbeidstakaren har rett til å nytte eigenmelding. Ein arbeidstakar kan nytte eigenmelding for opptil tre kalenderdagar eller arbeidsøkter om gongen. Dersom arbeidsuførleiken varer utover tre kalenderdagar, kan arbeidgjevaren krevje sjukemelding.

Endringa er foreslått for å klargjere talet på eigenmeldingsdagar for arbeidstakarar med arbeidsøkt som strekkjer seg over eit døgnskilje. Slikt fråvær skal etter forslaget bli rekna som ein eigenmeldingsdag. Departementet legg og fram forslag om tilsvarande endring i regelen om dokumentasjon av sjukdom til barn eller barnepassar.

Endringane vil hindre ulik behandling av arbeidstakarar som arbeider nattevakt og arbeidstakarar som arbeider om dagen.

Kontaktpersonar:

Avdelingsdirektør Ingar Kompelien tlf. 22 24 86 12

Førstekonsulent Knut E. Holm tlf. 22 24 86 21

Lagt inn 8 mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen