Historisk arkiv

Støtte til tiltak for rumiddelmisbrukarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 30/98
1.04.98

Støtte til tiltak for rusmiddelmisbrukarar

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa har no fordelt støtte til tiltak for rusmiddelmisbrukarar for 1998. Løyvinga er på til saman 130 millionar kroner.

- Det er viktig at oppbygginga av eit landsdekkande tilbod om metadon-assistert behandling ikkje trengjer til side andre tiltak for rusmiddelmisbrukarar. Dei siste åra har det vore gitt tilskot til store kommunar for at dei skal utvikle betre tiltak overfor dei mest forkomne misbrukarane, og desse tilskota vil i stor grad bli ført vidare, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Tilskota går til desse kommunane: Oslo, Bergen, Kristiansand, Trondheim, Drammen, Tromsø, Bodø, Tønsberg og Arendal (T5). Fleire andre tiltak får også tilskot, blant anna styrking av behandlinga av gravide rusmiddelmisbrukarar, og behandling i fengsel. PRO-senteret, som er eit landsdekkande tiltak for prostitusjonsspørsmål, får også tilskot frå Sosial- og helsedepartementet. Til saman 42,3 millionar blir gitt til slike formål i år.

- Eg ser det som svært viktig å styrkje samarbeidet mellom sosialtenesta i kommunane og behandlingstiltaka i fylkeskommunane på dette området. Det blir gitt støtte til nye tiltak i Odda og i Vest-Agder fylkeskommune med ei slik innretning, med til saman 831 000 kroner. Om kort tid blir det presentert ein handlingsplan for førstelinja i sosialtenesta. Der vil også arbeid i kommunane med rusmiddelmisbruk får ein viktig plass, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Private organisasjonar og stiftingar får tilskot til omsorg og behandling av rusmiddelmisbrukarar med til saman 31,6 millionar. Nytt i år er at Arbeidernes Edruskapsforbund får støtte til å utvikle Rus Nett, og Frelsesarmeen får tilskot til Nytt Liv-sentra. Pinsevennenes evangeliesentra, Stiftelsen KRAFT og Natthjemmet til Oslo Bymisjon får også vidareført tilskota.

Noreg skal framleis delta aktivt i internasjonalt alkohol- og narkotikasamarbeid, og det skal satsast på forsking om rusmiddelbruk.

Kontaktpersonar:

Byråsjef Else Gro Glosvik tlf 22 24 85 88,
Rådgjevar Bjørg Merete Sviggum tlf 22 24 84 85

Lagt inn 1 april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen