Historisk arkiv

1000-lappen til minstepensjonistane nådde fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.:

53

Dato:

28.05.1999

1000-lappen til minstepensjonistane nådde fram

Om lag 330 000 minstepensjonistar har fått ei monaleg auka inntekt gjennom vedtaket om å heva minstepensjonen med 1000 kroner månaden, slik regjeringa lova for eit år sida. Det viser ei undersøking som Statistisk Sentralbyrå har gjort i samband med Regjeringa si Utjamningsmelding. Regjeringa legg fram meldinga om kort tid.

- Den auka inntekta for minstepensjonistar er god utjamningspolitikk. Auken av minstepensjonen med 1000 kroner i månaden har virka slik me ønska, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Undersøkinga syner at einslege minstepensjonistar har fått auka inntekta si etter skatt med 9920 kroner i året i gjennomsnitt. Minstepensjonistane som ikkje har tilleggsinntekt utover pensjonen har fått 12 000 kroner. Dette er ei gruppe på 66 000 personar.

Ektepar der minst ein er minstepensjonist har i gjennomsnitt fått 12 400 kroner meir i året.


Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Bjørn Halvorsen tlf. 22 24 86 00

Avd.dir. Aase Rokvam tlf. 22 24 86 24

Lagt inn 28. mai 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen