Historisk arkiv

220 Nye brukarar får personleg assistent

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 54/1999
Dato: 14.06.1999

220 nye brukarar får personleg assistent

35 millioner på statsbudsjettet for 1999 er delt ut som stimuleringstilskot til kommunar til ordninga med brukarstyrt personleg assistanse. Dette gjeld for i alt 504 brukarar i 228 kommunar i alle fylke. 220 av brukarane og 46 kommunar er nye i 1999.

Dette er ein auke på 75 % i forhold til tilskotet på 20 millionar i 1998.

Alle fylke i landet har no tilbod om brukarstyrt personleg assistent. Ordninga har vore så vellukka at Sosial- og helsedepartementet no lanserer ein video om ordninga. Videoen blir send ut i desse dagar til alle kommunar og bydelar i landet.

Brukarstyrt personleg assistanse er ei form for pleie- og omsorgsteneste der brukaren sjølv har rolla som arbeidsleiar for sine tenesteytarar og dermed tek større ansvar og styring med innhald og organisering av tenesta. I einskilde døme har funksjonshemma opplevd å få opptil 70 ulike personar til å hjelpe seg i løpet av ein månad. Ordninga med brukarstyrt personleg assistent gjer at brukaren får ein eller eit fåtal personar å halda seg til.

-Røynslene så langt har i hovudsak vore så positive at Sosial- og helsedepartementet ynskjer å spreia meir kunnskap om ordninga. Vi har difor som eit tiltak i Handlingsplan for funksjonshemma å lage ein informasjonsfilm om ordninga med brukarstyrt personleg assistanse. Denne filmen er no klar og vi vil senda ut eit eksemplar til kvar kommune og bydel i landet, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Til hausten vil Regjeringa leggja fram ein proposisjon for Stortinget som gjer ordninga til eit tilbod i alle kommunar.


Kontaktperson:
rådgjevar Birgit Friele 22 24 85 76

Lagt inn 14. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen