Historisk arkiv

Auka bruk av omsorgslønn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 7/99
Dato: 21.01.99

Auka bruk av omsorgslønn

Sosial- og helsedepartementet sender i dag ut eit nytt rundskriv til kommunane om bruk av omsorgslønn. - Eg ønskjer at fleire skal bruke ordninga med omsorgslønn, at kommunane skal praktisere ordninga meir likt og at informasjonen til aktuelle søkjarar skal bli betre, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Ei undersøking frå 1996 viser store ulikskapar mellom kommunane i bruk av omsorgslønn. Undersøkinga frå NOVA (Norsk institutt for oppvekst, velferd og aldring) slår fast at ein større del av innbyggjarane i små og spreiddbygde kommunar hadde omsorgslønn enn i store og tettbygde kommunar. Kommunane la også vekt på ulike forhold når dei skulle løyve omsorgslønn.

NOVA-rapporten reknar med at 100.000 menneske her i landet har tungt belasta omsorgsoppgåver, mens det viste seg at berre 3.500 faktisk mottok omsorgslønn.

NOVA fann også ut at ordninga var relativt lite kjend blant dei som har tungt omsorgsarbeid.

Ordninga med omsorgslønn vart innført 01.01.88 og var opphavleg regulert i kommunehelsetenestelova. Frå 01.01.93 har ordninga vore regulert i sosialtenestelova.

Omsorgslønn er ei av dei deltenestene kommunane har plikt til å ha innanfor pleie- og omsorgssektoren. Ved tildeling av omsorgslønn blir det lagt til grunn breitt skjønn og ei heilskapsvurdering av brukarane sitt behov, saman med vurdering av kva for andre pleie- og omsorgstenester som kan vere aktuelle.

Kontaktperson: underdirektør Anders Haugland, tlf. 22248516

Lagt inn 21. januar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen