Historisk arkiv

Eldreåret avslutta - bodstikke vidare til Noreg 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 126/1999
Dato: 13. desember 1999

Eldreåret avslutta - bodstikke vidare til Noreg 2000

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa leverte måndag 13. desember ei bodstikke vidare til Noreg 2000 som avslutning av FNs internasjonale eldreår.- Overleveringa av eldreårets bodstikke til Noreg 2000 skal sikre at arbeidet med eit samfunn for alle generasjonar blir ført vidare inn i det neste tusenåret, sa sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa da ho overleverte bodstikka til styreleiaren i Noreg 2000, Anne Kari Lande Hasle.

- Eldre er ein stor ressurs. Dei må difor ta større del i utviklinga av den nye eldrerolla. Inngangen til det neste tusenåret vil bli prega av ei ny generasjon friske, aktive eldre, som må finne sin plass i samfunnet, sa Lande Hasle da ho mottok bodstikka.

- Eldreåret har vore med på å skapa nye møtestader på tvers av generasjonane. Mange eldre har gitt av sin livsvisdom og kunnskap til dei unge. Samstundes har dei som er unge fått høve til både å læra av og å læra bort noko til den eldste generasjonen, seier sosialminister Meltveit Kleppa.

Avslutninga på FNs eldreår blei markert under lysfesten på Jessheim skule i Ullensaker, saman med barn og pensjonistar.

Bodstikka har i løpet av eldreåret vore i 60 kommunar her til lands. No ligg bodstikka og framtidsvisjonane i hendene på tusenårselskapet, Noreg 2000. Det er eit tusenårsselskap som regjeringa har etablert for å ta hand om landets markering av tusenårsskiftet fram til 2005. Noreg 2000 har mellom anna teke initiativ til tusenårsstader og tusenårsprosjekt.


Kontaktperson: Rådgjevar Marit Blom, tlf. 22 24 83 42

Lagt inn 13. desember 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen