Historisk arkiv

Eldresatsinga gir resultat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 17
Dato: 08.02.98

Eldresatsinga gir resultat

Handlingsplanen for eldreomsorga har gitt gode resultat allereie det første året. Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa er nøgd med kommunane sine planar for pleie- og omsorgstenesta. - Dei fleste kommunane satsar no på ei betre omsorgsteneste til dei eldre, både gjennom omfattande utbyggingsplanar og fleire stillingar i tenesta. Det ligg store utfordringar i å gjennomføre desse planane dei næraste åra, og eg vil følgje utviklinga i kommunane særs nøye, seier sosialministeren.

Oversikta Sosial- og helsedepartementet no har fått over kommunane sine planar for eldreomsorga, synar at kapasiteten i pleie- og omsorgstenesta blir utvida med 22 500 sjukeheimsplassar og omsorgsbustader innan 2002. Tilbod om einerom blir lovfesta frå 2003, og det ser ut til at den omfattande ombygginga og utskiftinga som no blir planlagt i kommunane fører til at denne satsinga lykkast. Gamle aldersheimar blir skifta ut, og over 3.300 plassar i aldersheimar blir erstatta med sjukeheimar og omsorgsbustader.

I handlingsplanen for eldreomsorga, som blei vedteken av Stortinget i 1997, er det lagt opp til at det skal byggast 24 400 nye omsorgsbustader og sjukeheimsplassar innan 2002.

Til saman planlegg kommunane 28.500 nye institusjonsplassar og omsorgsbustader ferdigstilt i perioden fram til 2002. Om lag 25 % går med til eineromsombygging og utskifting/sanering av gammal bygningsmasse, medan 75 % kjem i form av tilgang på nye plassar/bustader.Tala omfattar også bustader knytta til opptrappingsplan for psykisk helse. I tråd med regjeringa sine signal om høve til å nytta ytterlegare to år, har kommunane berekna å bygge ytterlegare 5.000 einingar i dei påfølgjande åra. I tillegg til dette planlegg kommunane å utbetre fleire tusen plassar i eksisterande bygningsmasse.

Kommunane planlegg å auke bemanninga i pleie- og omsorgstenestene med i overkant av 3.000 nye årsverk kvart år i heile perioden 1998-2001. Dette gir til saman 12.500 nye årsverk innan 2001. I handlingsplanen var det lagt opp til 12 000 nye årsverk.

Høg aktivitet i 1998

Tala frå Husbanken sin statistikk syner at kommunane har fått tilsagn om bygging av 5.616 nye bueiningar i 1998. Desse fordeler seg på 3.865 omsorgsbustader og 1.751 sjukeheimsplassar. Vidare er 4.165 omsorgsbustader og sjukeheimsplassar ferdigbygd i 1998.

Kommunane har førebels rapportert om 3.200 nye stillingar (årsverk) innan pleie- og omsorgstenesta i 1998.

- Tala er godt i samsvar med handlingsplanen, og syner at kommunane er i rute, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Mer informasjon om resultatene av linkdoc030005-990085#docHandlingsplan for eldreomsorgen finnes i Resultatrapport 1998.


Kontaktpersonar:
Rådgjevar Øyvind Brandt, tlf. 22 24 85 78
Rådgjevar Steinar Barstad, tlf. 22 24 86 89/ 91 60 58 29

Lagt inn 08. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen