Historisk arkiv

EUs deltidsdirektiv irrelevant for sjukepengar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 5/99
Dato: 13.01.99

EUs deltidsdirektiv irrelevant for sjukepengar

I samband med Stortingets vedtak om å heve minsteinntektsgrunnlaget for rett til sjukepengar frå folketrygda, har det vore hevda at eit EU-direktiv hindrar endringa. Direktivet det er sikta til er rådsdirektiv 97/81/EF. Direktivet gjeld allmenngjering av ein avtale mellom arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonar på EU-nivå om minstereglar for likebehandling av deltidstilsette med heiltidstilsette, samt fleksibilisering av arbeidslivet. Direktivet omhandlar arbeidsrettslege forhold, og ikkje trygderettar. Såleis er det ikkje relevant for denne problemstillinga.

Direktivet er EØS-relevant, og vil seinare bli fremja som EØS-sak. Etter norsk rett har deltidstilsette allereie dei same rettar som heiltidstilsette, med unntak av representasjon i selskapets styrande organ etter aksjelova. Forskriftsutkast for å rette på dette har allereie vore på høyring.

Kontaktperson:
Politisk rådgiver Steinulf Tungesvik tlf.91805620
Underdirektør Leif Norli 22 248629 eller 22502870

Lagt inn 14. januar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen