Historisk arkiv

Fleire kommunar får tilskott til eldreomsorga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 69
Dato 02.07.1999

Fleire kommunar får tilskott til eldreomsorga

I mars i år var det heile 126 kommunar som ikkje tilfredsstilte krava til å få øyremerka tilskott til gjennomføring av eldreplanen. I løpet av dei siste 3 månadene har 89 av desse kommunane vedteke planar og fatta vedtak som gjer at dei no har fått utbetalt eldretilskottet. Nå står 37 kommunar att som ikkje har tilfredsstillande planar.

- Vi har godt håp om at dei siste 37 kommunane også skal komme i mål med planane sine, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Dei 37 kommunane fordeler seg slik på fylkesbasis:

Talet på kommunar med avkorta tilskott

Status 16. mars

Status 25. juni

Østfold

4

0

Akershus

1

1

Oslo

0

0

Hedmark

12

3

Oppland

6

0

Buskerud

8

0

Vestfold

5

1

Telemark

7

0

Aust-Agder

5

3

Vest-Agder

5

2

Rogaland

3

1

Hordaland

6

3

Sogn og Fjordane

10

0

Møre og Romsdal

17

7

Sør-Trøndelag

11

1

Nord-Trøndelag

10

5

Nordland

7

4

Troms

5

2

Finnmark

4

4

SUM

126

37

3 000 nye årsverk i eldreomsorga

Bemanninga i den kommunale pleie- og omsorgstenesta er styrkt med i overkant av 3.000 nye årsverk i 1998.

- Dette er svært gledeleg, og viser at kommunane ser ut til å ha nått det målet vi sette oss for det første året med handlingsplan for eldreomsorga, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa. Det er svært viktig at bygginga av nye omsorgsbustader og sjukeheimsplassar blir opp følgt med personell som kan gi heildøgns tenestetilbod både i og utanfor institusjon.

Pleie- og omsorgsstatistikken frå Statistisk sentralbyrå for 1998 viser elles at det er blitt fleire omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, og at delen einerom i sjukeheim aukar. Slik utviklinga har vore dei seinare åra, blir det likevel færre plassar i aldersheimane. Dei nye omsorgsbustadene ser i mange tilfelle ut til å erstatte dei tradisjonelle aldersheimane.

Pleie- og omsorgsstatistikken frå Statistisk sentralbyrå er tilgjengeleg på Internett: http://www.ssb.no/emner/03/03/pleie/


Kontaktpersonar: prosjektleiar Steinar Barstad, tlf 61122741/ 91605829
rådgivar Per Gammelseter, tlf 22 24 86 02

Lagt inn 2. juli 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen