Historisk arkiv

Forsøk med omsorgslønn i tre kommunar på bakgrunn av rapport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 76
Dato: 22. juli 1999

Forsøk med omsorgslønn i tre kommunar på bakgrunn av rapport

Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) har på oppdrag frå Sosial- og helsedepartementet gjort ei kartlegging av familiar med funksjonshemma barn i alderen 0-18 år i tre kommunar, som har søkt og fått innvilga omsorgsløn.

-Til hausten vil departementet starta opp forsøksprosjekt i tre kommunar knytt til ordninga med omsorgsløn. Dei tre prosjekta vil kvar for seg ta utgangspunkt i brukarane sine røynsler med den noverande ordninga og prøva ut om ulike endringar i tildelinga eller praktiseringa av ordninga gjev betre resultat for den einskilde familien, fortel politisk rådgjevar i Sosial- og helsedepartementet, Liv Signe Navarsete.

Sosial- og helsedepartementet har sett av fem millionar kroner per år i tre år til prøveprosjektet. Rapporten om ”Omsorgslønn for familier med funksjonshemmede barn” vart lagt fram i slutten av mai.

Hovudfokus i rapporten er sett på brukarane sine røynsler, slik dei kjem fram gjennom personlege intervju. Kartlegginga seier også noko om familiane sine røynsler med andre aktuelle kommunale tenester og kommunane si praktisering av ordninga i forhold til andre tenester til familiane. Rapporten summerer opp dei positive, men også dei negative røynslene ved ordninga, og viser mellom anna til eit dansk forsøk med omsorgsløn (for ”tabt arbejdsfortjeneste”), som har til føremål å styrkja mottakarane sin kontakt med arbeidsmarknaden.

Ordninga med omsorgsløn er uavhengig av familiens inntekt og økonomi. Det meiner dei fleste er rettferdig og rimeleg. Omsorgsløna kan også lett kombinerast med andre tiltak, til dømes ei pakke med omsorgsløn, avlasting, støttekontakt. Men koordineringa med andre kommunale tiltak, særleg heimetenester, er ofte for dårleg.

Kommunane har inga plikt til å yte omsorgsløn, berre ei plikt til å ha omsorgsløn som kommunal ordning. Det kjem mellom anna fram av rapporten at det er stor skilnad mellom kommunane i korleis dei praktiserer ordninga; for eksempel kor mange som får omsorgsløn og kor store beløp dei får. Rapporten tek også fram at det er ein viss systemveikskap i ordninga med omsorgsløn.

Sjølv om ordninga med omsorgslønn er uklår - ei teneste som etter loven kallast ”løn”, men som er å rekna som ein ”stønad”, og kan verka marginaliserande i høve til arbeidsmarknaden, oppfattar mottakarane det som ei velkomen ordning.

-Omsorgsløn gir ei godkjenning av ein stor jobb som foreldre gjer for barna sine, seier Navarsete.


Kontaktperson:
John Eriksen; NOVA, tlf. 22541200

Lagt inn 23. juli 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen