Historisk arkiv

Funksjonshemma kan få reparert hjelpemidlar ved akutt behov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 89
Dato: 31.08.1999

Funksjonshemma kan få reparert hjelpemidlar ved akutt behov

Sosial- og helsedepartementet legg no til rette for at funksjonshemma skal få reparert hjelpemidla sine ved akutt behov også utanom opningstida på hjelpemiddelsentralane. - Ordninga inneber inga utviding av rettane, men er ei forbetring av praksis, seier politisk rådgjevar i Sosial- og helsedepartementet, Liv Signe Navarsete (Sp).

- Akutt reparasjon kan ytast i tilfelle der brukaren ikkje fungerer utan hjelpemiddel, og der det å vente med reparasjon til neste kvardag vil få urimeleg store konsekvensar, legg Navarsete til.

Hjelpemiddelsentralen og kommunen skal saman finna fram til kven som har rett til å få reparasjon ved akuttbehov. Det vil bli inngått avtale med den enkelte brukar.

Det kan gjerast avtale om service ved akutt behov for brukarar med elektrisk rullestol, personløftar, senger, heis, behandlingshjelpemidlar, hjelpemiddel for omgjevnadskontroll, som elektronisk døråpnar, lysbrytar o.s.b., og rullestolheis i bil. Reparasjonar skal utførast av lokale servicepartnerar, som det blir inngått avtale med.

Iverksetjing av ordninga vil skje gradvis.


Kontaktperson:
Rådgjevar Grete Hjermstad, tlf. 22 24 86 04
Avdelingsdirektør Tone Mørk, RTV, tlf. 22 92 72 40

Lagt inn 31. august 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen