Historisk arkiv

Handlingsplan vil redusere talet på abortar gjennom førebygging

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 39
Dato: 29.03.1999

Handlingsplan vil redusere talet på abortar gjennom førebygging

Regjeringa legg i dag fram Handlingsplan for førebygging av uønskte svangerskap og abort 1999-2003. Hovudmålet for handlingsplanen er å redusere talet på abortar, samt i abortraten (talet på abortar per tusen kvinner). Planen tek særleg sikte på å førebyggje uønskte svangerskap, fordi potensialet for førebygging er størst på dette feltet. Men det blir òg lagt stor vekt på å førebyggje abort gjennom å sikra gode rutinar for informasjon og ved at det finst eit godt tilbod om rettleiing til gravide.

- Vi har ei sterk plikt til å få ned aborttala. Da må vi nytta dei verkemidla som har vist effekt. Rettleiing og undervisning er viktige føresetnader for etisk reflekterte val, seier helseminister Dagfinn Høybråten.

Statistikken for 1997 syner at det har vore ein nedgang i talet på abortar og i abortraten. Når ein samanliknar treårsperioden 1988–1990 med 1997, er abortraten redusert med over 12 prosent. Sjølv om ein ikkje utan vidare kan seie at det er ein direkte samanheng mellom tiltak som er sett i verk og reduksjon i abortraten, tyder denne utviklinga på at førebygging nyttar.

Ungdom og unge vaksne og grupper med særskilt risiko for uønskte svangerskap og abortar er hovudmålgruppene for arbeidet med å førebyggje uønskte svangerskap. Det styrande prinsippet er at målgruppene skal ha best mogleg utgangspunkt for å velje ønskte svangerskap. Når det gjeld førebygging av abort, er hovudmålgruppa kvinner og par som vurderer abort.

Dei sentrale innsatsområda i handlingsplanen er å:

  • arbeide for å gjere barn og unge medvitne om deira eigen kropp og seksualitet, og leggje grunnlag for etiske val
  • gje opplæring til ungdom om samliv og seksualitet og formidle verdiar, noko som kan fremja ungdom og unge vaksne sitt høve til å ta avgjerande og etisk reflekterte livsval kring seksualitet og samliv
  • betre tilgangen til prevensjon og prevensjonsrettleiing
  • sikre god informasjon i samband med abort, og sikre at gravide kvinner eller par som ønskjer det, får tilbod om rettleiing
  • støtte opp om forsking og evaluering av spørsmål knytt til førebygging av uønskte svangerskap og abort.

I 1999 er det løyvd 20 millionar kroner i statsbudsjettet til førebygging av uønskte svangerskap og abort. Det er den største løyvinga nokon gong sidan tilskotsmidlar til dette føremålet vart oppretta i 1979.

Førebuing av uønskte svangerskap og abort er ein integrert del av arbeidet i kommunehelsetenesta, og opplæring om seksualitet og samliv er ein obligatorisk del av undervisninga i skulen. Dei midlane som er løyvde til å følgje opp handlingsplanen utgjer derfor berre ein del av den totale innsatsen for å førebyggje uønskte svangerskap og abort, men dei skal vere med på å stimulere til auka aktivitet innanfor dei ordinære tenestene. Det er viktig at skule- og helsesektoren samarbeider både lokalt og sentralt på området.


Kontaktperson:
Underdirektør Lisbeth Hårstad, telefon 22 24 87 10
Førstekonsulent Marit Lie, telefon 22 24 86 47

Lagt inn 29. mars 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen