Historisk arkiv

Historisk forsking om krigsbarna

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 16
Dato 03.02.99

Historisk forsking om krigsbarna

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa har gitt Norges Forskningsråd i oppgave

å lage ein rapport om situasjonen til krigsbarna.

- Det er fyrste gongen det er sett i verk forsking som skal gi eit samla bilete av dei ulike problema til denne gruppa, og det er på høg tid, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Norges Forskningsråd skal på oppdrag frå Sosial- og helsedepartementet lage ein rapport som skal ligge føre innan utgongen av mai i år. Bakgrunnen er merksemda i seinare tid kring dei såkalla krigsbarna og deira oppvekst etter krigen.

Forskningsrådet skal sjå på innspel og påstandar frå Norges Krigsbarnforbund, Aksjon Lebensborn og Landsforeningen rettferd for taperne.

Departementet ber Forskningsrådet særleg sjå på disse problemstillingane:

  • Manglande innbetaling av bidrag frå styresmaktene til mødre etter at fedrane hadde betalt og bidraga var overført til Noreg.
  • Erstatning til krigsfangar frå Tyskland.
  • Organisert henting av barn frå Tyskland og ulovleg deportasjon av barn til Tyskland.
  • Generell problematikk kring oppvekst for barn med norsk mor og tysk far.
  • Spørsmål om erstatning og moralsk oppreising.

Kontaktperson:

Avdelingsdirektør Jorun Nygård tlf.22248511
Rådgiver Kari Grette tlf.22248532

Lagt inn 3. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen