Historisk arkiv

Høgare krigspensjon frå 20. september

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 92
Dato: 20.09.1999

Høgare krigspensjon frå 20. september

I dag får om lag 10 000 krigsinvalidar og krigsenkjer utbetalt større krigspensjon. Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) seier seg svært nøgd med å ha fått gjennomført endringar slik at alle krigsdeltakarar, krigsseglarar og personar som sat i tysk fangenskap under andre verdenskrigen, no får høgaste pensjonsgrunnlag. Endringa gjeld frå 1. september i år, og første utbetalinga etter dei nye satsane er 20. september.

Tidligare fekk berre ein firedel av krigspensjonistane høgaste pensjonsgrunnlag. No får altså dei andre ein auke i pensjonen frå 198 492 til 208 120 kroner ved full pensjon.

Også enkjene etter krigsinvalidane det gjeld, kjem inn under endringa. For enkjene gir endringa ein auke i pensjonen frå 132 324 til 138 756 kroner ved full pensjon.

Endringa gjeld ikkje tilfeldig krigsramma sivilpersonar.

Bakgrunn

Lovene om krigspensjon frå 1946 byggjer på eit pensjonsgrunnlag etter inntekt. Etter gjeldande reglar blir pensjonsgrunnlaget fastsett etter skjønn ut frå årsinntekta som den skadde eller avlidne ville ha hatt 1. juli 1946, dersom skaden eller ulykka ikkje hadde skjedd. Det var opphavleg ei rekke pensjonsgrunnlag. Etter kvart er dei lågaste pensjonsgrunnlaga avvikla.

Våren 1985 behandla Stortinget forslag til endringar i krigspensjoneringslovene. I samband med det sa sosialkomiteen bl.a. i Innst. O. nr. 69 (1984-85): ” Komiteen forutsetter at det må skje en gradvis avvikling av de ulike pensjonstrinn for innsats- og overgrepsfolk. Målet må være å stå tilbake med ett pensjonsgrunnlag – det høyeste.”

Merknadene frå sosialkomiteen i Stortinget om ei gradvis avvikling blei følgt opp i 1992 og 1995. Etter endringa i 1995 stod det att to pensjonsgrunnlag for dei aktuelle gruppene.

-Krigsinvalideforbundet har i mange år bedt om like høge pensjonar for desse gruppene, og det er ei glede for regjeringa å kome forbundet i møte med pensjonsauken frå september i år. Det har dei fortent, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.


Kontaktperson:
Rådgivar Vera Torkildsen, tlf. 22 24 86 35
Avdelingsdirektør Aase Rokvam, tlf. 22 24 86 24

Lagt inn 20. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen