Historisk arkiv

Høgare sjømannspensjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 129
Dato: 17.12.1999

Høgare sjømannspensjon

Regjeringa foreslår at sjøfolk som er i arbeid på sjøen fram til 60 års alderen skal få inntil 20 prosent tillegg i pensjonen. Pensjonstrygda for sjømenn skal halda fram som ei offentleg ordning. Denne ordninga skal gjerast betre og enklare.

-Tillegget på 20 prosent skal også gjelda dei som i dag allereie mottar pensjon Dette har vore eit viktig punkt for sjømannsorganisasjonane, og eg er svært fornøgd med at vi har funne rom for ein kraftig auke også til dagens pensjonistar, seier sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).

Eit slikt tillegg vil auke kompensasjonsnivået forholdsvis likt for både over- og underordna, og fordelingsprofilen held fram som i dag. Ein underordna vil få ein auke i pensjonen frå om lag kr 115 000 til om lag kr 138 000, og ein overordna vil auke pensjonen frå om lag kr 154 000 til om lag kr 185 000. Tillegget skal òg gis til løpande tilfelle.

Departementet foreslår at tillegget ikkje blir gitt til pensjonistar som framleis har ei arbeidsinntekt over to ganger grunnbeløpet, det vil seie nærmare 100 000 kroner.

Odelstingsproposisjonen (Ot.prp. nr. 20 for 1999-2000) omhandlar mellom anna:

Val av framtidig pensjonsmodell

Departementet foreslår at gjeldande offentlege ordning held fram, noko forbetra for enkelte grupper og forenkla.

Proposisjonen byggjer på NOU 1999:6 Sjømannspensjon, der utvalet tilrår at gjeldande ordning blir ført vidare og vurdert på ny i 2015. Bakgrunnen er mellom anna at dei ser det er vanskeleg å finansiera ein overgang til fondsbasering parallelt med utbetaling av opptente rettar i dagens ordning.

Høve for yrkesgrupper innan offshore til å gå ut av pensjonstrygda

Pensjonstrygda for sjømenn kan høve dårleg for grupper i offshoreverksemda. Departementet foreslår at yrkesgrupper innan offshore etter dispensasjon frå departementet kan få gå ut av pensjonstrygda. Det er etter forslaget eit krav om at det er semje mellom arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane. Arbeidstakarane må ha andre pensjonsordningar som departementet finn minst like gode.

Finansiering av endringane

Endringane vil bli finansiert gjennom diverse mindre omfordelingstiltak i ordninga. Mellom anna er det foreslått å oppheve ordninga med å yte pensjon for tid det ikkje er betalt avgift for, og elles visse overgangsordningar som ikkje gir så store utslag for den enkelte pensjonisten.

Endringane blir foreslått innført frå 2001.


Kontaktperson:
Avdelingsdirektør Aase Rokvam, tlf. 22 24 86 24
Førstekonsulent Gry W. Brandshaug, tlf. 22 24 86 09

Lagt inn 17. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen