Historisk arkiv

Høyring av nye forskrifter for behandling av rusmiddelmisbrukarar i institusjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr. 77
Dato: 23.07.1999

Høyring av nye forskrifter for behandling av rusmiddelmisbrukarar i institusjon

Sosial- og helsedepartementet har i dag sendt ut eit forslag til endra forskrift om rettane til bebuarane og bruk av tvang i institusjonar for omsorg for og behandling av rusmiddelmisbrukarar på høyring.

-Forslaget er eit viktig ledd i arbeidet med å leggja tilhøva betre til rette for behandling og rehabilitering av rusmiddelmisbrukarar i institusjon, seier sosialministerens politiske rådgjevar Liv Signe Navarsete (SP).

-Ved utforminga av forskrifta har det også vore viktig for departementet å ta vare på omsynet til rettstryggleiken og integriteten til rusmiddelmisbrukarane. Forslaget til nye reglar er resultatet av ei tilpassing av desse omsyna, slår Navarsete fast.

Ved endring av sosialtenesteloven i desember 1998, vart det mellom anna gitt heimel for forskrift om tilbakeføring ved rømming og urinprøvetaking. Hovudinnhaldet i forslaget er:

  1. Når ein rusmiddelmisbrukar som kan haldast i institusjon utan eige samtykke rømmer, kan han førast tilbake til institusjonen. Både sosialtenesta og institusjonen er ansvarlege for tilbakeføringa.
  2. Institusjonar som ynskjer å bruka urinprøvar i behandlingsopplegget må ha reglar og rutinar for prøvetakinga, og desse skal gjerast kjente for bebuarane.
  3. Vilkåra for å kontrollera post, ransaka og kroppsvisitera, er endra frå "skjellig grunn til mistanke" til "begrunna mistanke". Samstundes skal desse inngrepa grunngjevast, protokollførast og leggjast fram for tilsynsmyndigheiten.
  4. Høve til å nekta bebuarane å få besøk i institusjon er utvida, mellom anna til å omfatta rusmiddelbrukarar som er i institusjon etter vedtak i fylkesnemnda.
  5. Det er gitt høve til å øydeleggja alkoholhaldig drikke og farlege gjenstandar.

Endringane i forskrifta er vurdert i forhold til Den europeiske menneskerettighets-konvensjonen.

Høyringsinstansane har tre månader på å uttala seg.


Kontaktperson:
Underdirektør Tone Wilberg, tlf. 22 24 85 28
Ekspedisjonssjef Ellen Seip, tlf. 22 24 85 01

Lagt inn 23. juli 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen